Miljøagentar i Kjølsdalen

Har starta eige lokallag

Sist veke vart det andre lokallaget til Miljøagentane i Sogn og Fjordane stifta.

Dei 15 nye miljøagentane i Kjølsdalen, som deltok på oppstartsmøte sist torsdag. Nyvald styreleiar Samuel i midten.   Foto: Privat

Dei fem nyvalde styremedlemmene i Miljøagentane Kjølsdalen fremst.  Foto: Privat

Nyhende

Dermed er det i Førde og i Kjølsdalen at det er lokallag for Miljøagentane i Sogn og Fjordane.

Det var i vrimlearealet på Kjølsdalen Montessoriskule at oppstartsmøtet vart halde sist torsdag. Der møtte 15 gutar og jenter fram, og stifta Miljøagentane Kjølsdalen, eit lokallag under barna sin miljøvernorganisasjon Miljøagentane.

Ikkje tilfeldig

Dagen for stiftingsmøtet fall samtidig med aksjonsdagen “Hele Norge ryddar”. Tilfeldig? Nei!

– Vi unge i Kjølsdalen synest det er altfor mykje søppel rundt om, og det meste er det dei vaksne som legg frå seg. Slik kan vi ikkje ha det! Difor startar vi opp eit lokallag for dette i Kjølsdalen, heiter det i ei pressemelding frå Miljøagentane Kjølsdalen.

Barnas miljøvernorganisasjon

Miljøagentane er barnas miljøvernorganisasjon. Miljøagentar oppdagar vår fantastiske

natur, utforskar samanhengen mellom menneske og natur og utfordrar miljøsinkene.

Dei arbeider for å gi barn trua på seg sjølve, framtida og at det nyttar å gjere noko.

Dersom ein vil starte eit lokallag av Miljøagentane, må ein spørje foreldre eller føresette om lov. Innmelding skjer på Miljoagentene.no.

Godt i gang

Elevar frå mange skular i Eid kommune har deltatt på prosjekt i regi av Miljøagentane tidlegare, også i Kjølsdalen.

Her har ein blant anna fleire gonger deltatt i «Batterijakten». I samarbeid med Claes Ohlsson, NORSIRK og Varta utfordrar Miljøagentane alle 4. klassingar i Norge til å kome seg ut, samle inn batteri i heimar rundt om, jakte på eventuelle batteri ute i naturen, lære seg meir om gjenvinning av såkalla EE-avfall og gjere alle rundt seg medvitne om korleis batteri vert produsert, brukt og kasta.

I 2015 vann Kjølsdalen denne konkurransen. Det vart feira med iPad til vinnarklassa, kake og besøk frå Miljøagentane. I 2016 kom ein på ein særs heiderleg 4. plass.

Også under den store aksjonsveka for rydding av søppel og plast land og strand rundt i Norge, markerte Kjølsdalen seg sterkt. Her vart det samla inn sekkevis med rusk og rask, som vart sendt til gjenvinning.

Med eigne miljøagentar i bygda, blir det nok ekstra vanskeleg å vere miljøsyndar i Kjølsdalen i framtida.