Eid får prøve ut catskiing

Eid er valt ut som éin av seks prøvekommunar i Noreg for catskiing.

– Dette vil gjere Harpefossen og Nordfjord til ein skidestinasjon på det internasjonale ski-kartet. Den "pakken" Nordfjord no kan tilby med ski&surf både sommar og vinter er heilt i verdsklasse, poengterer Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Ei skikkeleg gladmelding. Eid kommune har endeleg fått det løyvet vi har arbeidd for i sidan 2012, og som kravde lovendring på nasjonalt nivå, melder ein strålande glad Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Eid er valt ut som éin av seks prøvekommunar. Det inneber at ein her får lov til å lage løyper for catskiing ved Harpefossen Skisenter.

Catskiing går ut på å bli køyrt opp på fjellet med trakkemaskin, for så å køyre uspora pudder ned att. Dette har tidlegare vore avgrensa av lova om motorferdsel i utmark og vassdrag. No blir det opna for prøveordning med å tillate catskiing i seks norske kommunar i avgrensa trasear i tilknyting til eksisterande alpin-anlegg. Både Eid og Stryn er blant kommunane som har fått  ja.

Eid har søkt for Harpefossen Skisenter, Stryn for Stryn sommarskisenter. Dei andre kommunane som får vere med i forsøksordninga er Jølster kommune, Surnadal kommune, Vang kommune og Oppdal kommune.

Via forsøksordninga skal ein hauste erfaringar med catskiing i Norge. I val av kommunar har Miljødirektoratet lagt vekt på overordna kriterier som geografisk spreiing og kommunar som ser ulike utfordringar og muligheiter ved etablering av beltebilløyper.

Miljødirektoratet understrekar at dette er ei forsøksordning der dei gir dei utvalde kommunane myndighet til å fastsette beltebilløyper i lokal forskrift. Fastsetting og lokalisering av dei enkelte trasear skal skje gjennom ein lokal prosess i samsvar med forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag. Det vil bli opp til den lokale prosessen å avdekke mulighetsrommet for beltebilløyper.