– Ta deg ein tur rundt huset

Det er venta mykje nedbør i ettermiddag og utover kvelden på Vestlandet.

MYKJE VATN: Høge temperaturar har ført til snøsmelting, og det er mykje vatn i elvane. Kombinert med mykje nedbør kan dette gje flaumfare på utsette stadar.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Dei siste dagane har det vore høge temperaturar, noko som har ført til omfattande snøsmelting. Kraftig nedbør kombinert med snøsmelting kan føre til flaum. Og saman med regnet kan det bli lyn og torevêr.

Mykje kan gjerast ved å førebygge. Du bør trekke ut støpsel til TV, lydanlegg og datamaskiner og også kople frå routarar og modem då desse er svært utsatt for overspenning.

 – Ta deg også ein tur rundt huset og sjekk at avløpa er i orden. Ikkje la det ligge ein svær haug med lauv der det skal vere avløp, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Brandeggen ventar at det blir ein del skadar i samband med dei store nedbørsmengdene som er venta.

 – Vi veit erfaringsmessig at det blir mange vasskadar. Særlig dei som bor utsett til i nærleiken av ein bekk eller ei elv bør følgje med.

­Store nedbørsmengder aukar erfaringsmessig faren for overvatn i tettbygde område, bekk- og elveløpsendringar og fare for jord-, flom- og sørpeskred i bratt terreng. Det gjeld å følgje med og ta affære umiddelbart dersom det er antydningar til overvatn. Då bør ein sikre gjenstandar i kjellarar og garasjar.

Indre Sogn og Hardangar

Det er litt usikkert kvar i området de største nedbørmengder treff, men ifølgje yr.no er det spesielt i indre Sogn og Hardanger/Voss det det kjem til å bli ekstra vått. Lokalt kan det kome kring 30 mm på 6 timer. Faren aukar i ettermiddag klokka 16.00 og er over i natt klokka 04.00.

Gult nivå

Det er meldt om jordskredfare på gult nivå i delar av Sør- og Vestlandet. Grunnvasstanden i bakken er høg. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i områder med meir enn 30-50 cm snø.. Sørpeskred kan bli løyst ut i slake hellingar der vatn vert samla opp. Skreda går ofte ned forsenkningar og bekkeløp og kan då utvikle seg til flaumskred. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det vert utløyst høgt i terrenget.