Snart gjennomslag

Berre 15 meter igjen

Gjennomslag i tunnelen på fv. 633 til Honningsvågen på Stadt blir i helga eller måndag. Statens vegvesen melder i dag at entreprenør YIT berre har 15 meter igjen på den 595 meter lange tunnelen.

  Foto: Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen

  Foto: Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen

  Foto: Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen

  Foto: Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen

Nyhende

-Det er mest sansynleg at gjennomslagssalva kjem i løpet av helga eller på måndag, så det er like før no, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Sikrar rasfarleg parti

Første salve på tunnelen gjekk i byrjinga av november, og no er det altså straks hol igjennom. Den 595 meter lange tunnelen sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ute ved Stadhavet. Tunnelen er blitt sprengt ut frå begge sider, og rundt seks månadar har det teke å drive tunnelen. No startar neste fase, med oppbygging av vegbane, frostsikring, drenering og elektriske installasjonar i tunnelen.

Klar før vinteren

Huseklepp seier at drivinga av tunnelen har gått noko seinare enn venta, men tempoet på inndrifta har vore noko raskare den siste månaden. YIT Norge AS har stått for tunneldrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Målet er å få tunnelen klar til opning før komande vinter set inn for fullt.