–Når vi no skal slå saman to kommunar, er det viktig at vi tek med oss alle dei flinke medarbeidarane vi har i Eid og Selje inn i Stad kommune, sa Gunn Sande som samstundes gjorde stas på to som blir dei siste ordførarane i Eid og Selje.

–Det er ikkje slik at vi ikkje vil at Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, og Stein Robert Osdal, ordførar i Selje, skal bli med over i Stad kommune. Det er rett og slett ei påminning om at desse to blir dei siste ordførarane i sine respektive kommunar, sa Gunn Sande som sjølv har stått for målinga av trekoppane som ho overrekte til dei to.