Etter å ha summert opp kva som er gjort, tok programleiar Åslaug Krogsæter tak i det som no står for tur. Ikkje minst handlar det om korleis ein ny organisasjon skal sjå ut, og korleis ein tenkjer seg å løyse oppgåvene i ein ny kommune.

– Vi må tenke nytt, både i høve korleis oppgåvene skal løysast, kven som skal vere med å løyse dei, og korleis tenestene skal organiserast gjennom samspel mellom ulike yrkesgruppe og omgjevnadane, sa Krogsæter.

Fire kommunesjefar

–Den nye organisasjonsplanen skal byggjast trinnvis frå toppen. Mynde til å jobbe fram organisasjonsstrukturen ligg til rådmannen i Stad kommune. Partssamansett Utval og Fellesnemnda skal gje uttale undervegs i prosessen, sa Krogsæter som presenterte eit utkast til organisasjonskart med fire kommunesjefar. Kommunesjef innan oppvekst, velferd, samfunnstenester og samfunnsutvikling. I tillegg til kommunesjefane tenkjer ein tre stabssjefar. Stabssjef innan økonomi, stabssjef innan organisasjon og ein stabssjef for strategi, fagutvikling og koordinering.

– Stad kommune skal vere ein profesjonell organisasjon med tilsette som samarbeider for å utvikle gode tenester til innbyggjarane. Vi skal legge til rette for stor grad av fleksibilitet i jobbkvardagen for tilsette som ynskjer det, men med samla fagmiljø under éi felles leiing på kvart fagområde slik at ein ikkje bygger opp «parallelle organisasjonar» i kvart rådhus, sa Krogsæter og viste til at den nye organisasjonsstrukturen skal vere klar innan 1. oktober 2018, og at den øvste administrative leiarstrukturen, kommunalsjefar og stabsleiarar, skal vere klar innan 1. november 2018.

Etter det Fjordabladet erfarer blir den sentrale leiinga, rådmann, kommune- og stabssjefar, plassert i kommunehuset på Nordfjordeid.

Tenestene i fokus

I gjennomgangen sin brukte programleiar Åslaug Krogsæter mykje tid på å snakke om sjølv tenesteproduksjonen.

–Tenestene skal drivast effektivt og innovativt med utgangspunkt i innbyggjarane sine behov. Vi vil skape ein enklare kvardag for folk flest gjennom å forenkle, fornye og forbetre offentleg sektor; først og fremst gjennom å ta i bruk nye løysningar, ny teknologi og nye metodar. Ved å sette innbyggjaren i sentrum har vi betre føresetnader for å forstå behova, sa Krogsæter som understreka at ved å sjå tenestetilbodet frå innbyggjaren sitt perspektiv kan ein lettare utvikle og organisere tenestene meir heilskaplege, effektivt og samanhengande som støttar den enkelte si livsmeistring.

Ledige stillingar

Åslaug Krogsæter opplyste i gjennomgangen sin at kommunane, Selje og Eid, skal ikkje lyse ut eller tilsette personar i ledige nøkkel-/leiarstillingar innanfor administrasjon og leiing og innanfor ikkje stadbundne tenester i dei andre tenesteområda/sektorane, før ledige stillingar er handsama i felles omstillingsutval. Som døme på ikkje- stadbunde tenester nemnde programleiaren administrasjon, slik som administrativ leiing og administrative stabs- og støttefunksjonar og spesialiserte ikkje-stadbundne tenester, til dømes barnevern, plan- og byggesaksbehandling, PPT og andre forvaltningsfunksjonar som i stor grad er knytt til rolla som utøvar av mynde.

Omstillingsutvalet

Det er utnemnt eit «omstillingsutval» med Ingunn Rotihaug, organisasjonssjef Eid, Margunn Myklebost, personalkonsulent Selje, Ragna Haaland, kommunalsjef helse og omsorg Selje, Elin Leikanger, kommunalsjef teknisk og samfunn Eid, Barbro Os Noste, HTV Fagforbundet Eid, Mirjam Bruvoll, HTV Utdanningsforbundet Eid, Sissel Solheim, HTV Fagforbundet Selje, og Laila Bødal, HTV Delta Selje.

Ny organisering

Programleiaren gjorde det vidare klart at ein del avdelingar og fagområde vil få ny organisering i omstillingsprosjektet, medan andre avdelingar og fagområde vil få vurdert organisasjonsstrukturen etter 2020.

Døme på det første er stabsfunksjonane. Samfunnsplanlegging, kommunikasjon, økonomi, personal og arkiv. Reguleringsplan, eigedom, byggesak, næring, teknisk drift. Brann, beredskap og redning. Barnevern. PPT, spesialpedagogisk oppfølging. Legeteneste, helsestasjon, førebygging, rehabilitering, psykolog, psykisk helse og rus, psykolog, psykiatriteneste. Vaksenopplæring, flyktningteneste, mindreårige flyktningar. Kultur, frivillig, bibliotek og NAV

Døme på det siste er skulane i Eid og Selje, barnehagane, heimetenestene, interkommunale tenester Nordfjord sjukehus, Seljetunet bu- og behandlingssenter, Hogatunet bu- og behandlingssenter og Bu- og miljøtenesta Eid/vernepleie.