Davik oppvekst er ein 1-10 skule, med elevar frå heile sørsida på ungdomstrinnet. Trass i små barnekull held elevtalet seg på om lag det same nivået. Medverkande til dette er tilflytting av nederlandske barnefamiliar, som får seg jobb og slår seg ned i bygda.

Ny arealplan

Ein viktig føresetnad for å få fleire barnefamiliar til bygda er at det er attraktive byggjetomter ledige.

Driftssjef Helge Bakke opplyser at det no er vedteke ny arealplan for bygda, og han håper at det vil bety eit betre tomtetilbod, og få fleire barnefamiliar til Davik. Noko som vil halde barnetalet oppe og sikre eit godt skule- og barnehagetilbod.

Ledige barnehageplassar

I barnehagen ved Davik oppvekst er det over 20 plassar. I dag er 14 i bruk.

Bakke ynskjer seg elles fleire gjennomgangsbustader. For øvrig er Davik ei levande bygd med få hus utan lys.

Pedagogiske opplegg

Davik oppvekst har rundt tjue personar i pedagogiske stillingar i både skuledelen og barnehagen. Bakke opplyser at skulen i mange år har lagt vekt på å utvikle lese- og skrivetamar for heile skuleløpet. Dei er med på felles opplegg med andre kommunar med godt utbytte, og språkløyper gjev verktøykasse med metodikkar for systematisk språkutvikling.

Ein aktiv skule

Elevane på Davik oppvekst er så heldige at dei har eit flott nærområde å boltre seg i frå fjære til fjell. Kvart år er det eit tre dagars opplegg for åttandeklassen på Jørntunet. Der driv dei med praktiske gjeremål på garden og ulike fritidsaktivitetar.

I kommunen er det og interessante historiske ekskursjonsmål. Ein kort køyretur unna har dei Tongane, der den tyske marinen i 1940 bygde eit kystfort for å stogge fiendefartøy frå å gå til Måløy og inn Nordfjorden.

Vingenfeltet, som er eitt av Norges største helleristingsfelt ligg ein kort båttur frå Rugsund. Det er eit såkalla veidefelt med rundt 2000 figurar av dyr hogne inn i berget.

Elevane kvir seg heller ikkje for å reise langt. Gjennom fleire år har skulen vore på tur med Dei Kvite bussane til Auschwitz i Polen, den mest kjende leiren for menneskeutrydding frå andre verdskrigen.

Kort sagt er Davik ein god plass å vekse opp på. Her har born eit godt og variert skuletilbod. I tillegg kjem eit godt fritidstilbod, og ein natur som er lett tilgjengeleg til alle årstider.

ROMSLEG SKULE: Davik Oppvekst har stabilt elevtal. Her er gode fasilitetar for både barn, elevar og lærarar. Foto: Per Ole Lefdalsnes