Dei har vakse opp i eit sirkustelt, og har fått sirkuslivet i blodet. Jan Ketil Smørdal sine to døtre, Jasmin og Jeanette, var med foreldra på sirkusvegen frå dei var heilt små. Seinare var dei med i manesjen og har hjelpt til undervegs.

I fjor oppstod Cirkus Agora igjen, etter åtte år borte frå rampelyset. Då var det naturleg at Jasmin og Jeanette fekk ei viktig rolle i planlegging og gjennomføring av turnéen.

–Cirkus Agora er no ei familiebedrift, seier Jasmin Rasmussen Smørdal. Ho er den yngste av døtrene, er blitt 26 år, og spelar ei viktig rolle i Cirkus Agora.

–Då vi forstod at vår far ikkje kunne legge vekk sirkuslivet bestemte vi oss for å støtte han. Sjølve har vi også arva dette sirkusgenet og synest det er vanskeleg å ikkje skulle vere i nærleiken av sagmuggen, seier Jasmin som sjølv har starta eigen sirkusskule saman med søstra Jeanette (32).

–Det var etter at Cirkus Agora slutta i 2009 at vi kom til å sakne sirkuslivet veldig mykje. Faktisk så mykje at vi måtte starte vår eigen sirkusskule i samband med Fyllingsdalen teater. Det er blitt eit populært tiltak med mange elevar, seier Jasmin.

Ut på vegen

Cirkus Agora hadde premiere 14. mars i år, og i desse dagar er dei på turné rundt i Nordfjord og Søre Sunnmøre. For halvanna veke sidan var dei i Måløy, og den som stod i billettluka då var Susanne Smørdal. Ho er datter til Roar Smørdal, bror til Jan Ketil. Også Roar var med på sirkusvegen i mange år, og no kan han konstatere at også hans datter  har arva sirkusgenet.

– Eg er med gjennom heile sesongen, seier Susann frå billettluka. Ho har sin andre sesong med Cirkus Agora og stortrivst med sirkuslivet. Ho utfører allsidige oppgåve gjennom sesongen og tek seg også av administrative oppgåver, samt planlegging og koreografi av framsyninga. Om vinteren er ho også koreograf ved Fyllingsdalen teater, i tillegg til at ho er student. Men jobben i Cirkus Agora vil ho gjerne halde fram med i mange år enno.

Mindre telt

Etter at Jan Ketil starta opp att med sirkus i fjor, har teltet blitt mindre. Elles er også kostnadane blitt kutta ned, for at det heile skal gå i balanse.

–Det mykje utgifter med å drive eit sirkus. Men no driv vi på ein måte som gjer det meir lønnsamt. Vi hadde ein god sesong i fjor, og ein bra oppstart i år, seier Jasmin som sjølv var med på vegen dei første tre vekene etter oppstart.

–Det handlar om å få det heile i gang. Eg styrte lys og lyd i starten og hadde opplæring for dei som skulle ta over, seier Jasmin som har ei stor rolle i planlegging av framsyninga.

–Eg og min søster ser mykje på ulike videoar for å finne artistar. Det skjer gjennom hausten. Det er pappa som til slutt bestiller artistane, men kva vi meiner er også avgjerande for valet, seier Jasmin som sjølv kjem til Eid om ei veke, når Cirkus Agora kjem hit 11. mai. Og sommarferien skal ho også tilbringe ute på turné. Då skal også Jeanett med mann og to barn vere med. Så det blir heile storfamilien ute på sirkusvegen i sommar. Og han far sjølv er godt nøgd med at døtrene engasjerer seg i drifta av Cirkus Agora.

Avgjerande

–Det er innsatsen frå mine barn som gjer til at eg no framleis kan drive med sirkus. Det veldig kjekt at dei også opplever gleda ved sirkuslivet, seier Jan Ketil som er svært godt nøgd med sesongen så langt. Mykje folk og begeistra publikum kan han fortelje. Og om ei veke skal dei altså slå opp teltet på utstillingsplassen i Eid. Klar for sitt andre år som familiebedrifta Cirkus Agora.

Dei er søskenbarn, har alle vakse opp med sirkuslivet, og kjenner sirkusblodet bruse når våren nærmar seg. No er (f.v.) Jasmin, Jeanette og Susann sterkt engasjert i familiebedrifta Cirkus Agora. Foto: Privat
Jan Ketil Smørdal turnerer i desse dagar rundt på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Fredag om ei veke skal koppane igjen opp på hovudet på Nordfjordeid.
Teltet er blitt mindre, men i Måløy i førre veke var det mange som fann vegen til sirkus.