Fire lag var kvalifiserte for finalespel om fylkesmeistertittelen i klasse gutar 12 år: Haugen/Eid, Florø, Sandane og Askvoll/Holmedal.

I semifinalen vann Haugen/Eid 34-15 over Florø, og var dermed klare for finale. Der møtte dei Sandane, som i sin semifinale hadde vunne 17-9 over Askvoll/Holmedal.

Det var aldri nokon tvil om kva lag som skulle vinne fylkesmeisterskapen. Til pause leia Haugen/Eid heile 9-1 over Sandane, og til slutt vann dei finalen 14-5.

Nye utfordringar

Line Balsnes har vore trenar for dette laget i tre år, og denne sesongen har ho også fått med seg dottera Kristina på trenarsida.

– Vi har vel eigentleg sagt ja til å gå på ein sesong til, ein sesong som vil bli noko tøffare. Her vil tapa kome, då vi mest sannsynleg stiller i G14-serien, fordi det er usikkert om det blir ei G13-avdeling, fortel Line Balsnes, og legg til at dette er noko dei ser fram til.

– Vi er klare for nye utfordringar, seier trenaren.

Treningsvillig gjeng

Haugen/Eid sine 12-åringar består av 15 gutar, og dei er stort sett fulltalige på treningane.

– Laget trenar to økter i veka, der som regel alle møter til kvar trening. Gutane er ivrige og står på, og synest handball er moro. Dei gler seg til trening og kamp. Det at vi er 14-15 på treningane gjer at vi får effektive treningar. Vi kan spele med to fulle lag imot kvarandre på full bane, og vi kan spele med to fulle lag på eitt mål. I tillegg har vi to keeperar på laget, som pushar kvarandre og rettleier kvarandre. Keeperane har og fått god rettleiing av herrelaget sin keeper, fortel Line Balsnes.

Fokus på laget

Sesongen til Haugen/Eid gutar 12 år starta i september og vart avslutta i byrjinga av april. Sjølv om Stryn enda over dei på tabellen, vart dei seriemeistrar.

– I serien vart vi slått av Stryn sine gutar både på heimebane og bortebane, men dei stiller med spelarar på dispensasjon, og tel ikkje med på tabellen. Det har vore ei god erfaring å møte eit lag med eldre spelarar. I serien har vi spelt fleire jamne kampar, men vi har vore heldige og dei har bikka i vår favør. Dette trur eg heng saman med at vi er mange spelarar og at vi spelar på alle. Vi har ikkje 1-2 spelarar som dominerer, men vi har eit heilt lag. Vår filosofi er at vi treng alle på eit lag, det er kjekkast og det gir resultat. Vi har og hatt eit fokus på forsvarsarbeid, og at ein i forsvar må jobbe saman to og to. Dette har gitt oss nokre fordelar utover i sesongen, seier Line Balsnes.

Samarbeid

Ho fortel at samhaldet i laget er godt, men at gutane sjølvsagt er ulike og at nokre er meir ivrige og resultatorienterte enn andre, slik det alltid vil vere i ein lagidrett.

– Nokre av dei mest ivrige har fått snike seg med på J16 sine treningar i løpet av vinteren og nokre har vore med G14 2. Heilt etter eige ønskje sjølvsagt, men som gjer at fleire er godt handballtrente og som viser igjen i resultata denne sesongen, seier Line Balsnes, som ønskjer å framheve det gode samarbeidet dei har hatt med fotballen.

– Sju av gutane på laget spelar fotball, og det går veldig fint å kombinere. Handballen har flytta på treningstider for å få til dette, og fotballen har flytta seriekamp, som eksempel. Ein god dialog på eit tidleg tidspunkt er avgjerande for å få til noko. Allsidigheit vil som regel lønne seg, seier Line Balsnes, og legg til at det viktigaste for dei som trenarar er at alle som er med denne sesongen skal sitte igjen med ei kjensle av meistring, samhald og handballglede, og at dei såleis er på plass i idrettshuset i midten av august klare for ein ny sesong.