Det sa Åslaug Korgsæter, prosjektleiar for Stad 2020 og rådmann i Eid då ho ønskte ein halvfull operahussal velkomne til det viktige møtet.

Lokaldemokratiet

Spørsmåla som var utgangspunkt for møtet var; Korleis står det til med lokaldemokratiet i dag? Kan og vil kvinner engasjere seg i like stor grad som menn? Kvifor/kvifor ikkje? Må vi ta på oss politiske verv for å delta, eller kan vi bidra på andre måtar?

Val viktig

– Vi kunne sagt mykje om kjønnsbalansen i norske kommunestyrer. I 1945 var det berre te prosent kvinnerepresentasjon i norsk politikk. I 2015 var tilsvarande tal 39 prosent. Det vi kan slå fast er at det har gått framover, sjølv om det er stor skilnad mellom landets kommunar. Etter valet i 2015 er kvinnerepresentasjonen i Eid og Selje høvesvis 31 og 29 prosent, altså godt under landssnittet, sa Bjarte Folkestad, forskar ved Rokkansenteret i sitt foredrag. Kvifor kvinnerepresentasjonen i desse to kommunane er under landssnittet kunne han ikkje seie noko konkret om. Det han kunne seie var at dersom personrøystene frå sist val ikkje hadde vore med, så ville Eid hatt 43 prosent kvinner og Selje 34.

–Det viser at veljarane har stor innverknad, sa han.

Fleire kvinner

Lokalpolitikarane Siri Sandvik (Ap), Arild Nøstdal (V) og Judit Kvåle (Tverrpolitisk gruppe I Selje) var klare på at fleire kvinner måtte engasjere seg i politikk.

–For at fleire kvinner skal engasjere seg politisk må ting leggast til rette. Det handlar om barnehage, skulefritidsordning og når på dagen møta blir lagt. Det skal passe inn i ein elles travel kvardag. Eg har ein sjef som meiner det er viktig å delta i politikken. Spørsmålet er om det er like godt lagt til rette for kvinner som går i full turnus?, sa Nøstdal.

– Dei politiske partia har eit ansvar for å plassere kvinner på listene slik at dei faktisk blir valde inn. I Ap har vi plassert mann og kvinne på annankvar plass, sa Siri Sandvik.

– I innleiinga si understreka Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, at fylket treng fleire kvinner. Eg meiner det er ei utfordring å be kvinner kome til, eller flytte tilbake til eksempelvis Nordfjord når vi til dømes ikkje har eit fødetilbod, gynekolog på sjukehuset. Kva er det vi inviterer dei til, sa Judit Kvåle.

Arild Nøstdal understreka at det er viktig at politikarane er i takt med folket.

–Skal lokaldemokratiet fungere må vi bli flinkare til å invitere folk inn, sa Arild som kunne tenke seg at innbyggarane var flinkare til å ta kontakt med politikarane sine.

Forskar: Bjarte Folkestad, forskar ved Rokkansenteret, la fram data på korleis kvinnerepresentasjonen i politikken har utvikla seg i etterkrigstida. Foto: Tormod Flatebø
Media: Fylkesmann Anne Karin Hamre var opptatt av at media burde nytte fleire kvinnelege kjelder. Foto: Tormod Flatebø
Lett tilgjengeleg: I samspelet mellom innbyggarar og kommune var Torild Natvik opptatt av at terskelen for å få ordna opp i ting måtte vere lågast mogleg. Det må vere så enkelt som at eg kan ta fram mobilen og ta eit biletet av eit gatelys som har slokna og sende det til min kommune slik at det blir ordna, sa Torild Natvik som eit innspel på korleis samhandlinga mellom kommune og innbyggarar burde vere. Foto: Tormod Flatebø
Ta vare på dei nye: Ottar Nygård, tidlegare ordførar i Selje, var til liks med Torild Natvik opptatt av at kommunen måtte vere lett tilgjengeleg. I tillegg var han opptatt av å ta godt imot nye politikarar. –Personleg har eg alltid lagt vekt på at vegen skal vere kort til talarstolen for dei nye politikarane, sa Nygård som også meinte at ein måtte legge stor vekt på å inkludere nye politiske fjes i politikken. Foto: Tormod Flatebø
Møte folk der dei er: Gunn Sande, kommunepolitikar i Selje for Senterpartiet, meinte ein måtte tenke nytt og arrangerer meir møter der folk faktisk var. – Som politikarar må bli flinkare til å arrangere møter der folk bur. Ta opp saker som ligg dei nær. Å vere, eller bli, meir tilgjengeleg og gje folk lettare moglegheit til å delta er eit sentralt poeng når vi drøftar lokaldemokrati, sa Gunn Sande. Foto: Tormod Flatebø
Godt samhald viktig: –Vi snakkar for lite om korleis det er å vere i politikken. Praten går mest på saker og mindre på den samlande kulturen i eit politisk miljø. Eg gjekk inn i politikken fordi eg er engasjert. I dag kan eg seie at politikken har gitt meg mykje, takka ikkje minst takka vere eit godt og samlande politisk miljø i Eid der eg er politikar, sa Arild Nøstdal Foto: Tormod Flatebø
Tilbake til kva: Judit Kvåle, TVP i Selje kommunestyre, meinte det var ei utfordring å be kvinner kome til, eller flytte tilbake, til eksempelvis Nordfjord. –Til dømes har vi ikkje fødetilbod eller gynekolog, og dei helsetilbod som er knytt opp mot kvinnehelse spesielt på lokalsjukehuset vårt sjukehuset. Kva er det vi inviterer dei til, sa Judit Kvåle. Foto: Tormod Flatebø