Det sa fylkesmann Anne Karin Hamre då ho innleia på Stad2020 sitt startskot for lokaldemokratiet. Hamre nytta store delar av si innleiing til å snakke om kort mannsdominert Sogn og Fjordane er. Som eit døme på dette viste ho til eit besøk Kristin Halvorsen hadde, der det moderne Sogn og Fjordane var tema.

–Dei hadde ikkje funne plass til fylkesmannen på møtet, men på grunn av at eg måtte gje ein beskjed til Kristin Halvorsen om endringar i programmet, måtte eg ta turen inn i møtelokalet. Kven var så denne møtelyden som skulle snakke med Kristin Halvorsen om det moderne Sogn og Fjordane. Det var 20 menn mellom 50 og 60 år, sa Hamre som la til at inntrykket vart retta opp seinare då Kristin Halvorsen fekk møte både Sogn og Fjordane sin kvinnelege fylkesordførar og kvinnelege fylkesmann.

–Dette dømet er ikkje eineståsande, og syner at vi ikkje er i mål.

Mannsdominert lokalpresse

Fylkesmann Anne Karin Hamre tok også føre seg lokalmedia.

–Lokalmedia i Sogn og Fjordane er mannsdominert. Det er for få kvinnelege redaktørar. Dei eldste og mest garva journalistane er menn. Kjeldebruken har ei overvekt av menn. For lokalmedia i Sogn og Fjordane handlar det om å sleppe kvinner til, både som redaktørar og journalistar. I tillegg handlar det om å løfte fram kvinner i mediebiletet slik at vi gjennom å ha fokus på kvinner i politikken, kan få ein betre kjønnsbalanse, sa Hamre.

Politiske parti

Hamre var som dei to andre innleiarane opptatt av korleis dei politiske partia plasserte kvinner på listene sine.

–Kvinner er viktige i utviklinga av lokalsamfunna vi bur i. Difor treng vi fleire kvinner i politikken. Vi treng fleire rollemodellar, kvinnelege ordførarar og kvinnelege rådmann. Sogn og Fjordane treng rett og slett fleire kvinner. Det er eit hav av moglegheiter i dette fylket, sa Sogn og Fjordane sin kvinnelege fylkesmann som snart blir avløyst av ein mann som fyller 60 år den 23. mai.