Hadia Tajik, stortingsrepresentant og nestleiar i Arbeidarpartiet, tok utgangspunkt i dei tradisjonelle rollene som kvinner og menn har, og spesielt argumenta for at kvinner ikkje vel å engasjere seg politisk.

–For mange kvinner handlar dette om lange kveldar med møter. At mamma aldri er heime. At det ikkje er kjekt å ha makt. Poenget mitt er at makt er gøy, sa Hadia Tajik som samstundes understreka at vi har kome langt når det gjeld likestilling i Norge.

Lengst i verda

–På dette området har vi kome lengst i verda, men det er framleis mykje å gå på før vi er i mål. I dag tener kvinner berre 87 prosent av det menn tener. Det er flest kvinner som jobbar deltid, og går i låge stillingsprosentar. Kvinner med innvandrarbakgrunn går ut i arbeidslivet seinare enn menn med innvandrarbakgrunn. Ei av fire kvinner opplever vald. Det er rettferdig at kvinner, som er halvparten av alt får vere med å ta dei viktige avgjerdene. I tillegg veit vi at ein del avgjerder ikkje ville bli tatt om det ikkje hadde vore for kvinnene, og at det blir betre avgjerder når kvinner er med, sa Tajik.

Profesjonaliserer styra

–Det var stor ståhei då det kom forslag om at kvinnerepresentasjonen skulle vere 40 prosent i børsnoterte selskap. Det som er eit faktum er at dyktige kvinner har bidrege til å profesjonalisere styra. Det vi elles skal merke oss er at fleire kvinner i styra ikkje har ført til fleire kvinnelege toppleiarar, sa Tajik som også tok føre seg ting som påverkar lokale forhold.

Viktige føresetnader

–For at Kvinner skal engasjere seg i lokalpolitikken er det viktig at føresetnadane er på plass. Kvinner er i større grad enn menn opptatt av velferd. Skule, skulefritidsordning, barnehage og helse- og omsorgstilbod. Det blir betre, meir verdiskaping, når kvinner er med. Siri Sandvik har i dag blitt nominert som Stad Ap sin ordførarkandidat, ikkje for å fremje seg sjølv, men for å bygge eit betre samfunn, sa Hadia Tajik som brukte fotballtrenar Helena i NRK-serien «Heimebane» for å beskrive kva kvinner må gjennom for å leve ut draumane sine.

–Helena brenn for fotballen, laget og spelarane. Men for å leve ut draumen må ho nærast bli kjønnslaus. Ho kan ikkje gråte når laget vinn, iallfall ikkje når laget tapar. Men det denne serien fortel oss, er at Helena tør å ta makta, sa Hadia Tajik.