Det sa Bjarte Folkestad, forskar ved Rokkansenteret, i si innleiing under «kickoff» for lokaldemokratiet  som vart arrangert av Fellesnemnda Stad 2020 onsdag kveld i Operahuset Nordfjord.

Mannsargument

Folkestad peikte i si innleiing på at dei politiske partia måtte ha ekstra merksemd kring kjønnsbalanse blant representantar med røystetillegg.

–Men hugs; Rekkjefølgje er reelt viktig også når den er formelt likegyldig. Spørsmålet er om ein kan ta kvinne – mann i staden for mann – kvinne som prinsipp når det gjeld alternering mellom kjønna. Eller til dømes følgje opp med to kvinner før ein alternerer når ein vel ein mannleg toppkandidat. Dette er det eg kallar lågterskeltiltak for styrkt kvinnerepresentasjon, sa Folkestad som også peikte på at krav om «erfaring», ofte er eit reelt mannsargument i nominasjonsprosessane.

–Kandidatsøket starta ofte i grupperingar der menn oftast er i fleirtal. Dette gjeld spesielt i eksisterande og tidlegare partigruppe og lokallagsmedlemmer. I tillegg viser forsking at Menn 50+ dominerer komiteane. Dei nominerer seg sjølve og legg mindre vekt på kjønnsrepresentasjon

Verksemda i kommunestyret

–For at fleire kvinner skal tenkje seg å engasjere seg politisk, kan då møteavvikling, godtgjersle, praktiske ordningar ved barnepass og anna kome opp som tema - på nytt. I tillegg bør ein diskuterer møtekultur, eventuelt bruk av hersketeknikkar  og liknande kritisk, sa Folkestad som oppmoda om at kvinnerepresentasjon måtte bli eit tema som vart halde varmt.

Eksponering

–Det er viktig å få fram kvinnelege rollemodellar som vert eksponert i media før eit val, og ikkje minst fortelje kva utbytte dei har av politisk virke. Det er også sentralt at konsekvensane av personrøyster med omsyn til kjønn vert formidla effektivt til veljarane, sa Folkestad og viste til at den faktiske kvinnerepresentasjonen i landet etter valet i 2015 var på 39 prosent. I Eid 31 prosent og i Selje 29 prosent.

–Dersom personrøystene ikkje hadde blitt tatt med ville det sett annleis ut. Då ville kvinnerepresentasjonen nasjonalt vore 43 prosent, 43 prosent i Eid og 34 prosent i Selje. Desse tala viser at veljarane har stor innflytelse på korleis den faktiske kvinnerepresentasjonen blir.

Utviklinga

Folkestad la også fram data som viste korleis kvinnerepresentasjonen har endra seg frå valet i 1979 og fram til valet i 2015.

–Etter valet i 1979 var kvinnerepresentasjonen i kommunestyret i Selje på 12 prosent. Etter valet i 2011 var den 47 prosent og ved valet fire år seinare 29 prosent. Eid kommune hadde 30 prosent kvinnerepresentasjon etter valet i 1979. Etter valet i 1995 var den på 39 prosent, og etter valet i 2007 41 prosent. Eg har ikkje nokon naturleg forklaring på 47 prosent kvinnerepresentasjon i Selje i 2011, men at noko har påverka dette valet er nok sikkert, sa han.

Grafen viser korleis kvinnebalansen har vore etter ulike val i kommunane Eid og Selje. Foto: Kjelde: Bjarte Folkestad