–Det vart bestemt allereie på årsmøtet til Stad Ap i februar at vi skulle vere tidleg ute med å nominerer partiet sine listetoppar. At det vart i onsdag 25. april var kanskje litt tilfeldig, men det passa godt i og med at Arbeidarpartiet sin nestleiar, Hadia Tajik, var på Nordfjordeid i samband med Stad 2020 sitt «kick-off» for lokaldemokratiet, seier Siri Sandvik.

Siri Sandvik er i dag gruppeleiar for Eid Ap si kommunestyregruppe i Eid. Jan Vidar Smenes er varaordførar i Selje og representerer den Tverrpolitiske lista i Selje.

Tidleg ute

–Kommunevalet er ikkje før hausten 2019, kvifor så tidleg ute?

–Det er mange grunnar til at vi er så tidleg ute. Ein er at vi ønskjer at innbyggarane i Eid og Selje skal få bli kjent med oss som no er nominert. Ein annan er at vi har mange å spørje for å fylle opp vallista til kommunevalet i 2019. Kanskje det blir enklare både å spørje og å svare positivt når ordførar og varaordførar allereie er nominert og klare, seier dei to som blir Stad Ap sin toppar ved valet neste haust.

Først ute

Så langt ligg Stad Ap langt framføre dei andre politiske partia i og med at Stad Ap er stifta. Sjølv om det har vore drøftingar mellom partia sine partilag i Eid og Selje, er det ingen andre politiske parti, utanom Eid og Selje Ap, har så langt slått seg saman.

Anne Tove Thorsnes, kommunestyrerepresentant i Eid, kan allereie no starte jakta på kandidatar til Stad Ap si liste til kommunestyrevalet i 2019. I bakgrunn Berner Midthjell, leiar i Eid Ap, og Nils-Helge Løkling, varamedlem til kommunestyret i Eid. Foto: Tormod Flatebø