Dette er ei sak som lenge har engasjert Eid-ordføraren, og som han tidlegare har fått stor merksemd for. Ikkje minst gjennom eit facebook-innlegg som gjekk viralt, og som førte til direktesendt debatt på TV2.

Etter landsmøtet i Venstre sist helg, der det blant anna vart vedtatt eit sterkare trykk på utflytting av statlege arbeidsplassar, er Bjørlo igjen på bana i saka. Denne gongen med sterk kritikk av eige parti:

– Eg opplever at Venstre så langt har svikta når det gjeld statlege arbeidsplassar til Eid og Nordfjord. Eg har ei klar forventing om at det no blir tatt på alvor av Venstre nasjonalt som regjeringsparti, og at Sveinung tar ei meir aktiv rolle enn til no i å få dette til.

Skeivfordeling

Sveinung, som Bjørlo viser til i denne samanhengen, er sjølvsagt Sveinung Rotevatn, eidar og statssekretær, samt sentralstyremedlem i Venstre.

Bjørlo viser til kva Rotevatn sa i valkampen i fjor, då han var stortingskandidat for Sogn og Fjordane. Då sa nemleg Rotevatn klart og tydeleg at det så langt var Sogndal/Leikanger og Førde som har nytt godt av utflytting av statlege arbeidsplassar, altså ei klar skeivfordeling mellom regionar.

– Eg har gjeve tydeleg uttrykk til Venstre sentralt om at eg har ei klar forventing om utflytting av statlege arbeidsplassar til Nordfjord, seier Bjørlo, som er nøgd med fråsegna som vart vedteken på Venstre sitt landsmøte.

– Fråsegna bør gje eit godt grunnlag for at det blir jobba med denne saka i partiet og regjeringa. Eg vil likevel understreke at fråsegna i seg ikkje er verdt noko, dersom den ikkje fører til konkret resultat. Så langt har det ikkje vore levert noko som helst til Nordfjord når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar, seier Bjørlo.

– Eid er klare

Bjørlo meiner at ein i Eid er klare til å etablere mange nye arbeidsplassar på kort varsel.

– Med tanke på ledig areal til bustader og næring, idretts- og kulturtilbod og all nødvendig infrastruktur er vi veldig klare, og som Eid-ordførar er sjølvsagt dette noko eg hadde sett ekstra stor pris på. I 2018 er det ingen grunn til at alt skal trykkast saman i større byar, meiner Alfred Bjørlo.

– For stort fokus på smale saker

Alfred Bjørlo meiner Venstre nasjonalt har for stort fokus på smale saker. Dette seier Bjørlo på direkte spørsmål om kva han synest om ein kommentar politisk redaktør i Adresseavisen, Tone Sofie Aglen, kom med etter landsmøtet i Venstre under tittelen «Partiet for byfolk flest». Der blir Alfred Bjørlo sitert på dette: «– Venstre kan bli et stort parti, over 10 prosent, men da må vi bli et parti med brei appell over hele landet, sa partiets superordfører Alfred Bjørlo.»

Ho skriv også dette i kommentaren: «I korridorene på landsmøtet kryr det av byliberale som ser ut som lillebroren til Sveinung Rotevatn, og som helt sikkert leser de samme bøkene. I helga har de diskutert roboter i arbeidslivet, eggdonasjon til single og salg av hasj over disk.»

– Fokuset i Venstre nasjonalt er for mykje på smale saker og det ein litt flåsete kan kalle akademisk ungdomspolitikk. Ein brukar altfor mykje tid og energi på smale prinsipielle diskusjonar, og for lite på breie saker som folk opplever angår dei direkte, seier Alfred Bjørlo til Fjordabladet.

– Må sjå på Nordfjord som region

Nordfjord må vurderast som region når det gjeld etablering av statlege arbeidsplassar. Det meiner Alfred Bjørlo er eit sentralt poeng.

– I Eid har vi eit like stort omland som Sogndal og Førde. Det er Nordfjord som region som er det viktige, og ein kan ikkje berre sjå på innbyggartalet i kvar tettstad, seier Bjørlo.

Han viser til dei siste tilsettingane i Eid kommune.

– Her har vi tilsett nøkkelmedarbeidarar frå Gloppen, Stryn og Volda, som pendlar til Eid. Vi rekrutterer frå heile regionen, og vil halde fram å gjere det, seier Bjørlo.

Han viser også til private bedrifter i vekst.

– Dei har tilsette frå heile Nordfjord og frå søre Sunnmøre. Dette er eit svært viktig poeng å få fram. Vi er allereie i ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion. Forskjellen frå mange andre regionar, er at vi ikkje har éin dominerande by eller tettstad, seier Bjørlo.

– Skulle til dømes Eid få 20 nye tilsette, er det så godt som garantert at fleire av desse vil vere busette i ein av nabokommunane, noko som dermed vil styrke heile regionen, meiner Bjørlo.