Tidlegare kultursjef og personalsjef i Bremanger kommune, Liv Marit Bøen, har saman med broren Per Inge Bøen, laga gards- og slektshistorie for garden Garden (Bøen). Den er svært forseggjort, og framsida av heftet er pryda av bestemora Simiane Bøen, fødd på ein husmannsplass på Martinsgarden i Lefdal, og dei ni borna, av elleve som vaks opp, og den andre ektemannen. Ho kom i fosterheim på Davik, og vart som vaksen gardkone på Garden.