Tidlegare rektor Aage Kvendseth fortel at det er Davik Utviklingslag som har teke initiativ til opprydding og istandsetting av plassen med furetrea. Ei prosjektgruppe på tre, Aage Kvendseth, Ole Marius Lien og Jens Sigestad, er sett ned, og arbeidet er i god gjenge. I fjor blei det gjort eit omfattande dugnadsarbeid med rydding og fjerning av busker og tre.

Berre 11 apostlar

Claus Frimann planta rundt 1790 11 furetre i ein sirkel på ei høgd nær kyrkja. Det seiest at han ikkje ville ha med Judas i det gode selskap, av lett forståelege grunnar. Somme vil ha det til at den tolvte fura står på nordsida av fjorden. Ved den kraftige nyttårsorkanen i 1992 gjekk fem av trea med, eitt hadde gått med tidlegare, så no står det fem tre att. Eit par av dei er i svært dårleg forfatning.

Lunden blei freda i 1975, men fredinga blei oppheva i 2006. Lunden ligg på garden Frimannslund, no eigd av Clas Tore og Ole Martin Frimannslund. Det bur ingen på garden.

Kva skal gjerast med furelunden?

Kvendseth opplyser at det er eit omfattande arbeid dei har gjeve seg i kast med. Rotne greiner må fjernast frå dei furene som står att, som er opp til femten meter høge. Nye furer skal plantast slik at talet blir elleve som det var opphavleg.

Vidare skal det byggjast ein grusveg opp til bautaen som vart reist i 1936 midt inne i furetresirkelen. Ein vil erstatte den dårlege steinbenken og setje opp ei informasjonstavle.

Utviklingslaget meiner at det er viktig at bygda tek vare på dette kulturminnet, sidan kommunen ikkje har gjort det.

Kjelder: Nordfjordboka. Selja Forlag 2016, Allkunne.no

Den mangslungne Claus Frimann

Foreldra var sokneprest i Selje, Peder Harbo Frimann og Sara Cold, og han kom til Davik som sokneprest i 1781. Bestefaren hadde og vore prest i Davik prestegjeld som vart skild ut frå Eid i 1740. Han arva ein del av garden Ytre-Davik etter mora. Eit staseleg herskapshus blei sett opp på garden som han kalla Frimannslund. Dette huset blei seinare flytt til Stryn av ny eigar.

Frimann hadde levd studentens glade dagar i København i studietida, og som festglad embetsmann samla han gjerne fiffen i fjorden til lystige lag på Frimannslund. Der budde han og som pensjonist til han døde i 1829.

Han er kalla diktarpresten med god grunn. Han hadde arva ei tydeleg lyrisk åre og ein av dei mest kjende songane hans er: Den norske Fisker (Ondt ofte lider den Fiskermand…). Han har og skrive dikt om heksefjellet Hornelen.

Har 700 plassar

Garden til Claus Frimann, Frimannslund, ligg like opp til Davik Kyrkje. Davik har vore kyrkjestad sidan 1200-talet, men kyrkja som står der i dag er av nyare dato. Historisk sett har Davik lange tradisjonar som sete for øvrigheita. På 1600-talet budde i alt elleve futar etter kvarandre på Davik, soknepresten var og gjerne prost. Davik hadde dessutan lensmann like til 1980, då siste lensmannen, Alv Rosenlund, blei pensjonist.

Då ny kyrkje skulle byggjast i Davik Prestegjeld på slutten av 1800-talet, oppstod det ein pikant og beisk strid om plasseringa. Folket på nordsida i Davik prestegjeld, var lei av å krysse fjorden til Davik i all slags ver, og ville flytte kyrkja til Haus. Særleg var striden hard då Ole Abrahamson Haus var ordførar i åra 1872–77. Dei vann ikkje fram med kravet sitt, og kyrkja vart bygd på Davik og stod ferdig i 1886 med 700 plassar.

Rikmann og proprietær

Då Claus Frimann døde åtte han mellom anna 52 gardar med 157 leiglendingar, mellom dei sorenskrivargarden Løken i Eid. Han åtte og sildesalteri, fiskebruk og hadde eigne jekter. Det var ikkje for ingenting han og blei kalla «sildepresten». Han var kjend for sin sterke økonomiske sans, og stod hardt på for å ivareta forretningsinteressene sine. Han var dessutan skatteoppkrevjar. Dette kunne føre til bitre konfliktar med sokneborna.

BAUTAEN FRÅ 1936: Aage Kvendseth fortel at bautaen står midt inne i den opphavlege sirkelen av furetre. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TUNET PÅ FRIMANNSLUND: Der vegen går låg herskapshuset til Claus Frimann. Foto: Per Ole Lefdalsnes
GRAVA TIL CLAUS FRIMANN: Både han og kona Anne Margrethe, og sonen og kona hans er gravlagde på Davik Kyrkjegard. Foto: Per Ole Lefdalsnes