Det er alltid ein risiko når vi ferdast i trafikk. Av og til slår det negativt ut med reelle ulykker. Andre tider er det rein flaks at det har gått så godt som det har gjort, slik tilfellet var i helga med det nye, massive snøraset. Arbeidet med det førebyggjande må prioriterast.

Statens vegvesen laga ein rasrapport for to år sidan, der det mellom anna blir slått fast at ein tunnel på strekninga er det einaste som kan gi fullgod tryggleik for trafikantane.

No må bygging av tunnel prioriterast, og saka løftast fram politisk. Vegen langs Skredestranda er både Europaveg 39 og riksveg 15, og er med andre ord ein del av stamvegnettet her i landet – både i retninga nord-sør og aust-vest.

Trafikken på strekninga har auka med 200 bilar etter at denne rapporten vart laga. Aukar trafikken ytterlegare med 100 bilar til skal det gjerast endå strengare rasvurderingar enn tidlegare.

Ras er noko det går mange av langs vegane i Sogn og Fjordane. I løpet av åra har tallause vegar vore stengde på grunn av ras og rasfare. Som bilistar i eit rasfylke er vi vande med å kike litt usikkert opp i fjellsidene. Vi veit aldri sikkert om store krefter kjem buldrande ned mot oss. Det er også ein viss risiko uansett kva sikringstiltak ein set i verk.

Ras og rasfare er noko dei fleste i Sogn og Fjordane har akseptert at vi berre må leve med, men det betyr ikkje at vi skal slå oss til ro med problemet. Arbeidet med rassikring må halde fram. Det må prioriterast pengar til rassikring her i vest, slik at risikoen for at liv går tapt vert mindre og mindre.