Lars Karlsen i Statens vegvesen opplyser at geolog kjem i morgon tidleg i helikopter for å vurdere forholda i Skredestranda. Der er nokre skredløp i nærområdet som dei ønskjer å vurdere.

Ifølgje Karlsen er det ikkje aktuelt med evakuering av busetnad på Skrede.

E39/Rv15 i Skredestranda er stengt, og det blir ikkje gjort noko meir på rasstaden i dag.

-Det er ein fordel at massane får renne av seg og sette seg litt, seier Karlsen. Det er også meldt om litt kaldare vêrlag, noko som vil gjere det tryggare for dei som skal rydde på staden.