Under AdO Open i Bergen i oktober i fjor klinka nemleg Kyrkjeeide Karlsen til på 200 meter rygg, og sette ny krinsrekord.

– Det er ikkje så ofte at ein krinsrekord blir slått, nei, seier Kyrkjeeide Karlsen.

Under Eid symjeklubb sitt tradisjonelle stemne Vårduppen fekk han premien for krinsrekorden, ein inngravert kakespade.

Sjølv fortel han at dette er første gongen han sjølv set ein krinsrekord i symjing.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt, seier Eid-symjaren, som like godt senka rekorden ytterlegare i helga. Då symde han nemleg på 2.14,76, over eitt sekund raskare enn tida frå oktober i fjor. Dermed vil han få utdelt nok ein kakespade som bevis på den nye krinsrekorden på neste stemne, som er Førde-sprinten.

Det var Simen Andreassen frå Florø som sette den førre krinsrekorden på 200 meter rygg med tida 2.17,53. Dette skjedde i 2008.

No har Eirik Kyrkjeeide Karlsen berre eitt sekund ned til kravet for deltaking i NM langbane. Han skal delta i tre stemne til fram mot NM, og har altså fleire sjansar til å klare kravet.

150 symjarar

Vårduppen i Eid Idrettshus i helga samla 150 symjarar frå tre fylke. Frå Møre og Romsdal deltok symjarar frå klubbane Volda og Brattvåg. Frå Hordaland hadde ein delegasjon frå Delfana tatt turen.

Frå Sogn og Fjordane var det klubbane Førde, Jotun og Svelgen som var representerte. I tillegg kom sjølvsagt arrangørklubben Eid symjeklubb, som hadde 50 deltakarar i bassenget.

– Vi har også rundt 50 frivillige, som bidrar for å arrangere stemnet. Det krev ein del folk til dømming, tidtaking, sekretariat og kiosk, fortel leiar i Eid symjeklubb, Ottar Vindfjell.

To av deltakarane frå Eid symjeklubb i Vårduppen i helga var 2005-modellane Karen Johanne Gjerdevik og Siri Kaisa Kråkenes. Dei har vore aktive symjarar i høvesvis fem og sju år.

– Det kjekkaste er å trene og konkurrere, seier Siri.

– Å vere med på stemne er kjekkast, seier Karen Johanne.

Begge er nøgde med at det under Vårduppen var kaldare i vatnet enn til vanleg i Eid Idrettshus.

– Då er det lettare å symje fort, seier Siri, som har 50 meter fri som sin favorittdistanse. Karen Johanne likar også best å konkurrere på 50 meter.

2005-modellane Karen Johanne Gjerdevik (t.v.) og Siri Kaisa Kråkenes frå Eid symjeklubb har drive med sporten i fleire år allereie. Foto: Yngve Tolaas
Frå start på 200 meter bryst i klasse jenter 13-14 år. Foto: Yngve Tolaas