Fylkeskappleik i Stryn neste år

I 2019 er det Stryn sin tur til å ha fylkeskappleik, med Spelemannslaget Fjelljom som arrangør.

Juniordansarane til Fjelljom under Fylkeskappleiken i Sogndal, med Arne M. Sølvberg som spelemann. Neste år blir Fjelljom arrangør på heimebane i Stryn.  

Nyhende

Nyleg er Fylkeskappleiken 2018 over, og neste år set den årlege kappleiken kursen for indre Nordfjord.

Fylkeskappleiken 2019 blir i Stryn 29.–30.mars, med Spelemannslaget Fjelljom som arrangør.

Sist Fylkeskappleiken var i Stryn var i 2012. Sidan har kappleiken vore på Skei (2013), Sandane (2014), Jostedalen (2015), Kjølsdalen (2016), Naustdal (2017) og Sogndal (2018).