MF Eidsfjord og MF Gloppefjord

Ferjedåp i verdas første heilelektriske samband

I morgon, tysdag 13.mars, blir Fjord1 sine heileelektriske ferjer, MF Gloppefjord og MF Eidsfjord døypt.

Tysdag 13. mars blir det ferjedåp på Kattahamrane i Gloppen.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Ferjene trafikkerer verdas første heilelektriske samband, Lote-Anda. For Fjord1 har bygginga av desse to ferjene vore eit prestisjeprosjekt som selskapet er svært stolt over å ha lukkast med.

–Dette er ein merkedag i Fjord1. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere leiande i dette miljøskiftet. Vi ynskjer difor at denne ferjedåpen skal bli ein folkefest for innbyggarane i lokalområdet og oppmodar publikum til å møte opp på Kattahamrane ved Felleskjøpet på Sandane, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Ferjedåpen startar kl 10.30 og det vert servert sveler, dåpskake og kaffi. Det vert også mogleg å gå om bord i MF Eidsfjord. Arrangementet held fram til klokka12:00. 

Redusert kapasitet

På grunn av at det under ferjedåpen berre vil vere eitt fartøy som trafikkerer sambandet blir det redusert kapasitet på Lote-Anda i perioden frå klokka 10.00 til 11.45.