Altfor lite kvile

Ein sjåfør vart meld for to brot på køyre- og kviletida, då Statens vegvesen heldt kontroll på Kjøs onsdag.

Frå ein tidlegare kontroll. Biletet har ingenting med den aktuelle saka å gjere.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Det var ein norsk lastebilførar som vart meld for to brot på køyre- og kviletida. Han hadde berre 1 time og 37 minutt døgnkvil i løpet av 24 timar på det eine brotet, og 4 timar og 23 minutt døgnkvil på det andre brotet. Kravet seier 11 timar i løpet av ein 24-timars periode.

I den same kontrollen måtte ein bilføre på verkstad med bilen sin for å reparere oljelekkasje på motoren. Han må også få vaska motoren før han får fortsette turen.

Ein sjåfør hadde kopi av løyve for å drive godstransport. Han fekk ikkje køyre vidare før originalløyvet var på plass i bilen.

To sjåførar fekk gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort under køyring.

To fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.