Åtvarar mot frekke telefonseljarar

– Det er for tida nokon som ringer spesielt eldre og hevdar dei sel ting i brannsamanheng. Dei er ganske pågåande, fortel Rune Haugland i Eid Brannvesen.

Rune Haugland i Eid Brannvesen åtvarar mot frekke telefonseljarar.   Foto: Fjordabladet

Nyhende

Han har fått innspel frå fleire innbyggjarar som i det siste har opplevd frekke telefonseljarar som ringer til eldre folk.

– Dei spør som diverse brannførebygging i heimen, men dette synest eg verkar meir som kartlegging før dei kjem med salsframlegging. Desse seljarane er innehavar av frekkheita si nådegåve, meiner Haugland. Han er klar i si åtvaring til innbyggjarane.

– Dette er utidige oppringingar. Er det nokon som ringer om røykvarslarar eller batteri til desse, så legg på, seier han.