Vellykka Stormturarrangement

Stormtur ved Stad

– Vi har hatt ei veldig vellykka Stormturhelg, summerer opp Grete Solborg Fure i Stad Naturguiding.

Stormtur: Vel tjue gjestar deltok på Stormturarrangementet i helga.   Foto: Stadt Naturguiding

Kvinner ved havet: Bettina Vick, Lisbeth Drage, Mai-Hilde Eriksen, Grete Solborg Fure og Bertine Fure Oksholen.  Foto: Stadt Naturguiding

Nyhende

Vel tjue gjestar deltok på arrangementet i helga.

– Det var lite storm, men vi fekk lite klager på det, fortel Fure.

Stad Naturguiding var hovudarrangør, i samarbeid med Mai-Hilde Eriksen – Stad Akupunktur, Bertine Fure Oksholen – Stad Naprapati, Lisbeth Drage – Stad Kraniosakralterapi og Bettina Vick – SlowTur med Innerlife massasje.

Furebuda Lodge stod for middag både fredag og laurdag, i tillegg til overnatting. Det vart og nytta utleigehus på Leikanger.

Blanda gruppe

Vi starta fredag kveld med presentasjon av dei ulike tilboda, etterfølgt av middag. Laurdag var det guida tur til Ytre Fure i stilt og fint vêr. Vi fekk mange tilbakemeldingar om at dette var ein flott tur med mykje spennande historier. Om kvelden samlast vi igjen til festmiddag på Furebuda. Alle tre dagar var det tilbod om behandling som gjestane bestilte etter eige ynskje.

Vi var ei flott blanda gruppe som kom frå Bergen, Førde, Florø, Bremanger, Sandane og Volda.

Velvære

Her er eit par kommentarar frå gjestane:

«Det er jo berre helt utruleg, at det finst et sånt behandlingstilbod på Stad.»

Ein annan av deltakarane sa at det siste ho tenkte før vi avslutta 60 min behandling var; «ikkje stopp, ikkje stopp!» Ein meinte at slik behandling burde vere obligatorisk for alle.

Vi kan understreke at på ei slik velværehelg er det rom både for å jobbe med konkret smerte/problematikk, men og fullt mogleg å ta behandling berre fordi det er godt. Det er trass alt ei velværehelg.

Mykje å tilby

Vi har generelt veldig mykje å tilby i kommunen vår, men det då få det organisert og presentert overfor omverda er ikkje alltid like lett. Å få til slike pakkeløysingar er gull verdt for at tilreisande skal kunne finne fram til oss.

Stad Naturguding har arbeidd mykje med å få til slike samarbeid, og med dei fire flotte terapeutane med på laget har vi fått til eit konsept som vi tenkjer å tilby i utgangspunktet to gongar i året.

På begge Stormturhelgane vi har hatt er tilbakemeldingane: «vi håpar dette vert fleire gongar, vi kjem garantert igjen»

Det at vi i tillegg har fått Furebuda Lodge på plass med mat og overnatting gjer det atskilleg enklare og tilby slike pakkar.

Kvinner ved havet

Vi fem damene som står bak dette er i ei nettverksgruppe – «Kvinner ved Havet». Det å ha støtte og hjelp av kvarandre gjennom ei slik gruppe er viktig for små bedrifter.

Her har vi fått verkeleggjort visjonen vår som er å styrke kvarandre gjennom samarbeid og å synleggjere kvarandre sine bedrifter.