På lokalet for fulle hus

Teaterframsyninga På lokalet av Sogn og Fjordane teater er så populær at nokon må snu i døra.
Nyhende

På lokalet er no på rundreise i Nordfjord, og kjem i kveld til Oppstryn, der alle billettane er rivne vekk. Det same gjeld i Turnhallen i Måløy i morgon.

Laurdag 10. mars kjem Soft til Valhall på Nordfjordeid, her er det framleis ledige billettar.

Då stykket blei vist i Olden denne veka, måtte nokre snu i døra. Det var fullt hus og ikkje mulig å få fleire inn.

På lokalet er eit stykke med nostalgisk tilbakeblikk på korleis det var då ungdomshusa var møtestad og sentrum i bygda på laurdagskvelden.