Ansiktslause svenskar til Malakoff

Ghost toppar plakaten

Det verdskjende heavy metal-bandet Ghost blir hovudattraksjonen på Malakoff i sommar.
Nyhende

Eit av dei nyare tids største suksessband innan metal/rock inntek Malakoff. Dei Grammyprisbelønna ansiktlause kardinalkledde svenskane med heavy metal-verdsherredømme held midnattsmesse fredag 20. juli! Velkomen til ei ikonisk og makalaus oppleving!, heiter det i ei pressemelding frå Malakoff Rockfestival.

– Å få besøk av ein av dei nyare tids største metal/rock suksessar - GHOST - er utruleg stort og noko vi har håpa på i mange år. Når dei kardinalkledde svenskane entrar Malakoffscena i sommarmørket og i magiske vestlandske festivalomgjevnader vert ikkje det noko mindre enn ei EPISK oppleving, seier

festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.