Nådde ikkje heilt opp

Ingen pris til Malakoff

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid vart ikkje Årets festival 2017.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Malakoff var ein av fem nominerte, men nådde altså ikkje heilt til topps. I helga blei det klart at Halden sin hardrockfestival Tons of Rock vann. Den vert trekt fram som den leiande festivalen i Norge innan rock, hard rock og metal. Det er bransjeorganisasjonen Norske Konsertarrangører som stod bak kåringa. Ein fagjury har vurdert festivalane, og til slutt blei vinnaren stemt fram av arrangørane sjølv.