Kontroll på Kjøs

Ein meld - fem fekk bøter

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontroll-stasjon tysdag vart totalt 39 køyretøy kontrollerte. Ein vart meld og fem fekk bøter.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Fjordabladet

Nyhende

Ein lastebileigar fekk gebyr på 2.250 kroner for 3 dekk med mønster under lovleg minimum. To sjåfør fekk 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring. Ein laste-bileigar fekk 8000 kroner i gebyr for ikkje å ha bombrikke i køyretøyet. To fekk pålegg om å fjerne gjenstandar frå frontruta før dei fekk køyre vidare. Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletidsreglane. Tre sjåførar fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida, og to bileigarar fekk skrifteleg mangel for knuste frontruter.