Vi kan glede oss over fleire innbyggarar, men det er ein tankevekkjar at det var vekst i Eid og Gloppen, og reduksjon i dei andre kommunane. Vi har ein stor jobb å gjere! Fylket vårt har fått merkelapp som fråflyttingsfylke, og Nordfjord må stå samla for å gjere seg lekre, skape fleire arbeidsplassar, så fleire kjem flyttande - ikkje minst produktive unge kvinner som kan føde barn.

Ein må legge til rette for næringsutvikling i heile Nordfjord. Gjennom partnarskap med ein rekkje aktørar kan ein gjere det mogleg å skape nye arbeidsplassar og nye næringar, samtidig som ein vidareutviklar eksisterande næringar.

Håpet er at næringsliv og etablerarar skal lukkast, men også at dei som allereie er etablert skal gå bra. Vi vil ha felles vekst i heile Nordfjord.

Det er mykje som går bra i Norge. Den økonomiske veksten er på veg opp, og arbeidsløysa går ned. Vi bur i eit fylke med lita arbeidsløyse.

Likevel er det viktig med målretta satsing på distrikta. Vi treng gode vilkår for næringslivet og kommunar som satsar.

I Eid har det siste åra vore mykje optimisme og sterk vekst. Mykje har skjedd i Nordfjordeid sentrum, både med nytt omsorgssenter, ny fleirbrukshall, nytt friluftsområde og vi har hatt ein solid auke i nye leilegheitskompleks. Vi har fått utvida kjøpesenter og etablering av gigant-Biltema, som vi allereie ser trekk til seg nye handlande til Nordfjordeid.

I dagens avis kan du lese om ny satsing. 30 mål næringsareal er seld på Stokkenes/Langeland, til investorar som har ein plan. Det vert spennande å sjå kva som kjem.