Mange trassa kuldegradene og møtte fram for å få med seg opninga, blant anna deltok 240 skuleungar på seremonien 1. mars 2018.

Delar av vegen har rett nok vore både feira og opna tidlegare, som då dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna Agjeldstunnelen i 2014. Dagens vegopning er altså både ei markering av den siste parsellen Ugla–Skarstein, og av at heile strekninga frå Lasen til Skarstein no er ferdig.

Ein solskinsdag

– Eg med mange andre tykkjer dette har teke lang tid, men i dag er vi i mål og kan feire. Med dette set vi det endelege punktumet for at denne strekninga på fylkesveg 60 er utbetra. Vi kan ta i bruk den nye, flotte vegen, og plaketten med den tvilsame prisen «Noregs verste veg» kan i dag takast ned, sa fylkesordføraren då ho opna vegen.

Fylkeskommunen har investert totalt 612,3 millionar kroner på strekninga Olden–Innvik mellom 2010 og 2018. Og vegbygginga i Stryn held fram. Dei to neste store prosjekta er rassikring av Flovegen og ny tunnel ved Blakset, der fylkeskommunen skal investere om lag 870 mill. kr dei neste åra.

Tøffe prioriteringar

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har ansvar for over 2600 kilometer med fylkesveg, noko som utgjer nesten 80 prosent av det totale vegnettet i fylket. Strekninga som er rusta opp mellom Olden og Innvik, er om lag fem kilometer lang.

– Når det er brukt over ein halv milliard her, så skjønar alle at prioriteringane i fylkestinget er tøffe. Det er mykje som står att, og mange stadar i fylket har skrikande behov for opprusting og nyinvesteringar. Difor er det ekstra stas med slike dagar som i dag her i Stryn. Vi kan krysse ut denne parsellen på lista, opne den nye, fine vegen og sjå dette flotte resultatet. Det er ein solskinsdag, understreka Følling.