Det Ålesund-baserte firmaet driv med utvikling og sal av eigedom. Retail Eiendom AS er eigd 50 prosent av Wenaas Kapital AS og 50 prosent av Rema Etablering Nordre Vestland AS.

No har Eid Industrihus KF altså inngått ein samla kjøps- og opsjonsavtale med Retail Eiendom AS om det attverande arealet på 30 mål av Eid Næringspark. Dei ni måla lengst vest på området er kjøpt for drygt 7,5 millionar kroner. Dei 21 måla aust for vegen til SFE er det inngått opsjonsavtale om. Her vil endeleg pris vere avhengig av utnyttingsgraden av området.

– Ved 30 prosent utnyttingsgrad (areal av bygg), vil prisen vere 750 kroner kvadratmeteren. For det ni mål store området som er kjøpt, er kvadratmeterprisen 850 kroner, seier dagleg leiar i Eid Industrihus KF, Svein Otto Melheim.

– Utruleg positivt

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er svært glad for at heile Eid Næringspark no er seld.

– Det er utruleg spennande at ein så stor aktør peikar på Eid. Det viser kor attraktivt Eid er for næringsutvikling, seier Bjørlo.

Eid-ordføraren var med på opninga av det 40 mål store næringsområdet på Myklebust/Stokkenes hausten 2015.

– Då vi la ut Eid Næringspark, trudde vi at desse 40 måla ville halde i lang tid framover. No er altså heile området utseld, seier Bjørlo, som meiner at det er ein stor fordel at ein stor aktør har kjøpt 30 av dei totalt 40 måla.

– Det sikrar ei heilskapleg utvikling av området, ei utvikling som sjølvsagt vil gjerast i tett dialog med kommunen. Dette er verkeleg bra for Eid, meiner Bjørlo.

Med utbygginga på Nordøyrane, salet av næringsområdet i Lunden og salet av Eid Næringspark, blir spørsmålet kva som no vil bli gjort for å sikre tilgjengeleg næringsareal.

– Det er jo sett grense for bruk av landbruksareal austover, så no må ein diskutere fortetting i sentrum og finne nye næringsareal utanfor sentrum langs E 39/Rv. 15, seier Bjørlo.

Storhandel

Eid Næringspark er sett av til industri, plasskrevjande service- og handelsverksemd og engroshandel.

Med industri er det i denne samanhengen ikkje snakk om tradisjonell industri, med problematikk rundt blant anna støy og støv.

Skal presentere planane

Kva konkrete planar Retail Eiendom har for området, vil dei vente med å presentere til kommunestyremøte i Eid 15. mars.

– Eid Industrihus KF er med vidare som utviklingsaktør i opsjonsavtalen, for å vere delaktig og medverkande i ein utviklingsprosess som vil ha stor betyding for Eid kommune. Målet er å skape fleire nye etableringar av næringsverksemder og nye arbeidsplassar i ei samla og mest mogleg heilskapleg utnytting av området, heiter det i ein uttale frå Eid Industrihus.

Frist på fem år

I avtalen som vart inngått 23. februar mellom Eid Industrihus og Retail Eiendom, er det sett frist for når bygging må starte.

– Både når det gjeld det ni mål store området som er kjøpt, og det 21 mål store området det er inngått opsjonsavtale om, er det sett ein frist for byggestart på fem år, fortel Svein Otto Melheim.

Melheim er nøgd med at dei har lukkast med å selje næringsområdet samla til ein større aktør, noko ein meiner vere positivt for å sikre ei heilskapleg utvikling av området.