Fire forslag til kommunevåpen

Simon Pavelich har sendt over nokre forslag til kommunevåpen for Stad kommune til Fellesnemnda.

Kommunevåpen: I 2020 smelar Eid og Selje saman til Stad kommune. Kommunevåpen til den nye kommunen har vore tema ei tid no. Her er Simon Pavlich sine forslag til nytt kommunevåpen.   Foto: Illustrasjons: Simon Pavelich

  Foto: Illustrasjons: Simon Pavelich

Nyhende

– Tanken bak desse forslaga er å sjå om det er mogleg å skape noko nytt, med tanke på at at Sunniva eller fjordhesten får for lite/mykje fokus, seier Simon som legg til at tanken bak utkasta er å få fram det naturleg og friske ved Nordfjord der dei tre «bølgje»-elementa over «sjøen»/»landet» skal representere litt av kvart: fjell, fjord, bris, forskjellig vêr, bølger, fuglar, og fisk som hoppar - i tillegg til at dei er ein referanse til fylkeskommunevåpenet.

–Dei fire fargekombinasjonane vedlagt tykkjer eg er dei som er mest relevante, der to av forslaga inneheld fargar frå begge kommunevåpena, og dei to andre favoriserer dei respektive fargane brukt i Eid og Selje sine noverande kommunevåpen, seier Simon til Fjordabladet.