Lote - Anda:

Autopass frå mai

Etter Statens vegvesen sin plan blir det AutoPASS-betaling i mai 2018 på ferjesambandet Anda- Lote.

I løpet av mai månad skal Auto-PASS- betaling vere oppe å gå på El-ferjene på ferjesambandet Lote-Anda.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

På spørsmål frå Fjordabladet om kvifor det trekk ut i tid med innføring av Autopass-betaling på ferjesambandet Lote - Anda viser Statens vegvesen til at det vart signert kontrakt med leverandør av baksystemet for AutoPASS-betaling i januar.

Vidare at det ikkje vert sett i gang AutoPASS-betaling før systemet er ferdig utvikla og testa. Det er planlagt oppstart med AutoPASS i mai 2018, opplyser Statens vegvesen.