Karlsen og Solheim konstaterer at ein no er inne i den tida på året då teleløysinga er på det verste. På veg oppover mot Heggjabygda kommenterer dei at det er mange av skadane på vegen som det ikkje er så godt å få gjort noko med på denne tida av året. Det driftsentreprenøren skal gjere dersom det er ujamnheiter av eit visst omfang, og som kan vere til fare for trafikantane, er å setje opp fareskilt. Dette er gjort på ei strekning på eit par hundre meter, men her manglar det eit forklarande underskilt. I tillegg skal det vurderast behov for å reparere dekke.

Vurderer tiltak

Karlsen og Solheim merker seg spesielt eit punkt i Lindvika som dei vil vurdere å gjere noko med. Det same gjeld eit par hundre meter i Åstebakkane. Her bør det skiftast ut masse og leggast på duk til sommaren.

Dei ser også på eit par punkt i Navelsakerstranda der det er litt sig i vegbana. Dette vil bli halde under oppsikt, og det vil fortløpande bli vurdert om ein skal gjennomføre tiltak. Det kan bli aktuelt å la geoteknikar undersøkje stabiliteten i skråninga og kome med framlegg om kva som bør gjerast.

Strekninga frå Heggja bru til Navelsaker vart asfaltert for nokre år sidan, og her er det stort sett bra dekke.

Nøgd med driftsentreprenøren

Karlsen og Solheim har ikkje noko å utsetje på arbeidet til driftsentreprenøren som har vedlikehaldet på vegen i Heggjabygda. Å fylle på asfalt for å jamne ut ujamnheiter som skuldast telehiv, er noko som driftsentreprenøren skal gjere når telehivet/setninga kjem over krav i kontrakten. Kravet i kontrakten er at det skal skiltast der det er eit visst høgdeavvik med definert omfang, og at ein så skal vurdere eventuelle tiltak.

Rådet frå Karlsen og Solheim til dei som ferdast på vegen er å avpasse farta etter forholda, sommar som vinter. Når teleløysinga er over, er ein meir tilbake til det normale.

SIG: Her i Navelsakerstranda er det eit par plassar det sig og som vegvesenet vil halde under oppsikt, og vurdere å undersøkje nærare, for å få råd om kva som bør gjerast. Foto: Anna Wuttudal