Den nye Biltema-butikken, den største enkeltetbleringa av butikk i Nordfjord nokon gong, hadde lokka med gåvekort til dei 100 første kundane. I køa som hadde samla seg utanfor butikken tidleg laurdag morgon, var det nok like mange av dei som fekk og ikkje fekk gåvekort.

Til opninga var Eid-ordførar Alfred Bjørlo på plass. Han sto for snorklippinga, og delte ut blomar til dagleg leiar i Biltema Norge, Knut R. Svenningsen og varehussjef på Nordfjordeid, Helene Karlsen.

Første betalande kunde var Torbjørn Brendehaug frå Hjelle. Han var ikkje ein av dei som var tidleg nok ute til å få gåvekort, så den store handelen vart det ikkje denne gongen.

Dagleg leiar i Biltema Norge, Knut R. Svenningsen (t.v.) og varehussjef Helene Karlsen, fekk utdelt blomar av Eid-ordførar Alfred Bjørlo.
Torbjørn Brendehaug var første betalande kunde. Her blir han ekspedert av Stian Torheim.
Rett før opninga laurdag morgon var det kø heilt opp til Sjøgata.