Det er nemleg klart for KM-helg, med skicross/sprint på laurdag og klassisk distanserenn på søndag.

Trass i kraftige regnbyger dei siste dagane, lovar Knut Tore Nes Hjelle at løypeforholda vil bli gode.

– Det ligg såpass mykje snø, at det bør ikkje vere noko problem. Vêrmeldingane viser også at det skal bli kaldare fredag og laurdag, så dette skal gå veldig bra, seier Nes Hjelle, som er leiar i arrangørklubben, Eid IL Skigruppa.

Stengt skileikanlegg

I samband med KM-helga vil skileikanlegget på Tua vere stengt.

– Etter trakkemaskina har gått fredag kveld, blir det stengt til KM er ferdig søndag, opplyser Nes Hjelle.

Førde IL har den største langrennsgruppa i Sogn og Fjordane, og kjem med ein stor delegasjon til KM-helga på Tua. – Dei har leigd Stigedalshytta heile helga, og også innlosjert seg andre stader i kommunen, seier Nes Hjelle.

God deltaking

På grunn av kollisjon med eit skiskyttararrangement går ein glipp av ein god del utøvarar som normalt ville stilt opp i KM, men det blir uansett god deltaking.

– Vi kan nok rekne med rundt 150 deltakarar. Av desse er rundt 20 frå Eid, seier Nes Hjelle.

Påmeldingsfristen til KM gjekk ut onsdag kveld, og erfaringsmessig kjem det eit renn av påmeldingar nær fristen.

Onsdag føremiddag var det rundt 70 påmelde frå klubbane Eid, Haugen, Stårheim, Fjellhug/Vereide, Førde, Bjørn, Hafslo, Breimsbygda, Kaupanger, Markane og Jølster.

Sprint med utfordringar

KM Sprint går under namnet KM Skicross. Det er fordi det er lagt inn tekniske utfordringar i løypa.

– Det er snakk om doseringssving, kurver både oppover og nedover og ein ryggeport der utøvarane må dreie 180 grader, rygge gjennom, og fortsette. Vi trur dette skal gå utan særleg kluss, seier Nes Hjelle.

Stort dugnadsapparat

I samband med KM-helga stiller frivillige opp til parkering, kiosk, sekretariat, løypevakter, arenarigging, speakerteneste og tidtaking.

– Vi har i alle fall 50 frivillige i aksjon, seier leiar i Eid IL Skigruppa, Knut Tore Nes Hjelle.