Skal lage 15.000 sveler

Minibakeriet ved Leon Knapskog har sikra seg avtale om å lage 15.000 sveler som skal seljast i automatane på ferjesambandet Anda-Lote.

Leon Knapskog  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane lovar Knapskog at ferjesvelene skal vere etter god, gamal oppskrift. No står ingrediensane til svelene på rekke og rad hos Minibakeriet. Etter kvart som kioskar har blitt nedlagde på fleire ferjesamband, håper Knapskog at dei kan utvide tilbodet sitt til også andre ferjer.