Flott vinterhelg i vente

Vêrmeldingane for helga er ideelle for dei som ønskjer å ta seg ein skitur.

Rune Heggen og Grete Folkestad gjer seg klar til skituren.  Foto: Yngve Tolaas

Innbydande løyper frå Tua og innover Fladalen. 

Frå skileikområdet på Tua fredag føremiddag. 

Nyhende

Det blir meldt om opphaldsvêr og mykje sol både på skianlegga på Tua/Fladalen og på Harpefossen. Søndag kan ein merke vinden, så for dei som vil til fjells er det nok laurdag som er den beste dagen.

Allereie fredag føremiddag var det mange bilar på parkeringsplassen på Tua. To av dei som gjorde seg klar til skitur var Rune Heggen og Grete Folkestad.

– Vi har tenkt oss opp i Lindvikdalen, og ta ein tur på Hestefjellet. Kanskje blir det også ein tur på Kråhornet, seier dei.

Med fjellski med feller og ryggsekk med niste, gjorde dei seg klar til ein tur som dei rekna med kunne ta fire-fem timar.

– I dag er det flott å ta ein skitur på fjellet. Søndag skal det visst bli meir vind, seier Rune Heggen og Grete Folkestad.