I front med «grøn næringsutvikling»

Nordfjordrådet arrangerer ein dagskonferanse med tema «grøn næringsutvikling» Konferansen går føre seg på Nordfjordeid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Den 23. januar inviterer Nordfjordrådet til ein dagskonferanse med «grøn næringsutvikling» som tema. Her samlast regionalt næringslivet saman med verkemiddelapparatet og kommunane, der målet er å kome opp med forslag til satsingar som kan sette Nordfjordregionen i front med «grøn næringsutvikling». Etter ein intro med oversikt over kva som føregår i regionen og kva som er forventa av oss frå sentralt hald sett frå Klima og miljødepartementet, vil det bli to parallell-sesjonar der deltakarane er aktive i å utveksle idear og innspel. Den eine sesjonen set fokus på korleis kommunane kan medverke gjennom innovative innkjøp. Den andre ser på regionen som «grøn» næringsutviklar og samfunnsutviklar. Konferansen er open for alle.

Målet med konferansen er det skal føre til konkrete idear som kan realiserast i kjølvatnet av arrangementet. Arild Bødal som er engasjert i fleire styrer og som investor i fleire bedrifter, vil oppsummere forventningane til vidareføringa sett frå næringslivet si side. Kommunane og politikarane har ei svært viktig rolle gjennom sine planar og satsingar, anskaffelsar og innkjøp. Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, oppsummerar rollefordelinga i det vidare arbeidet.

– Dette er første samlinga Nordfjordrådet inviterer til med grøn næringsutvikling som tema. Vi håpar dette blir ein positiv og nyttig dagskonferanse, og at det slik sett blir den første av fleire liknande samlingar med kompetanseutvikling og nettverksbygging innan denne tematikken, seier leiaren i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad i ei pressemelding.  

Maurstad peikar på at Nordfjordrådet i sin strategi- og handlingsplan har definert at rådet vil vere ein pådrivar for at Nordfjordregionen skal ha god kunnskap og ta del i mulegheiter som ligg i «det grøne skiftet»

- Nordfjordrådet ønskjer å vere ein aktør som legg til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommune, FoU-miljø og bedrifter. Saman med verkemiddelapparatet og andre nøkkelpersonar, skal vi vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling. I næringslivet er der fleire «grøne» initiativ innan transport, energieffektive bygg, fornybar energi, sirkulær økonomi og smartare produksjon, seier leiar i Nordfjordrådet Kristin Maurstad.