Full klaff for Johan-Olav

Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL/NTG-L gjekk heilt til topps på Norgescup for junior som vart arrangert på Lygna i Oppland søndag. Det lovar godt når det gjeld deltaking i Junior-VM.

Stårheimaren Johan-Olav Smørdal Botn gjekk heilt til topps på nc sprint på Lygna i helga. Foto Nordfjord team.  

Nyhende

Johan Olav Smørdal Botn (M19) gjennomførte sprinten søndag med god fart i løypa og fullt hus på begge skytingane, og ligg no godt an til Junior-VM.

Resultatet var 21.38.5, 1.26 føre nestemann på lista.

Stårheimaren går på Norges Toppidrettsgymnas, NTG på Lillehammer, der han satsar seriøst innan skiskyting.

Laurdagen på normaldistansen gjekk det litt dårlegare. Då vart det ein del bom, og Johan-Olav Smørdal Botn hamna lenger ned på lista.

  Av dei lokale var det då Aksel Mathias Meland frå Markane som kom best ut i M19, med ein 5. plass, medan Botn kom på ein 9. plass. På sprinten søndag kom Meland på 21. plass.

Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL / NTG-L,  kom på 17. plass (K18-19) på normaldistansen laurdag.