Sara Helen Haaland skal jobbe med utvikling av Selje

Sara Helen Haaland starta denne veka i den nye stillinga som samfunns- og næringsutviklar i Selje kommune.

Selje kommune har mykje å by på av vakker natur. Her frå Ytre Fure.   Foto: Jostein Aarskog

Nyhende

Haaland som tok til i jobben denne veka har tidlegare yrkeserfaring som assisterande hotellsjef, resepsjonist, journalist og som militært befal i Forsvaret til NATO i Brussel. Sara Helen er gift med Tomas Haaland og har ein son, Ludvig på 2 år. Ho bur på Stave på Stadlandet, men har vekse opp i Remmedalen nær Nordfjordeid.

– Forventninga til stillinga er å få ei god og berekraftig samfunnsutvikling som kan gagne lokalsamfunnet og næringslivet i positiv retning, uttalar ho på Selje kommune sine nettsider.

Seljesamfunnet står ovanfor positive utfordringar i framtida med Stad skipstunnel og turismesatsing som to store prosjekt. Desse utfordringane ynskjer Selje kommune å vere i forkant med, og kommunen lyste derfor ut stillinga som samfunns- og næringsutviklar. Stillinga har ein sentral plass i plan, utvikling og næringsavdelinga, og har som hovudfokus å leggje til rette for næringsutvikling og samfunnsutvikling gjennom god dialog med lokalt næringsliv. I tillegg marknadsføre Selje som ein naturleg plass for ny aktivitet og gjere kommunen til ein attraktiv plass å busette seg.

   Dette er omfattande oppgåver som krev eit utstrakt samarbeid mellom innbyggjarane, frivillige lag og organisasjonar, næringslivet og kommunen. Selje vil som kjent slå seg saman med Eid kommune og denne stillinga vil etter kvart og få fokus på heile Stad kommune.

  Dette opplyser Selje kommune på sine nettsider.