Det seier Frank Willy Djuvik, leiar i kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter at tolv kommunar i Sogn og Fjordane har inngått rammeavtale med fem vikarbyrå for helsearbeidarar.

– Sogn og Fjordane fylkeskommunen har ei innkjøpsordning innanfor mange område, som 25 av dei 26 kommunane i fylket har slutta seg til. Bakgrunnen for at kontrollutvalet i fylkeskommunen engasjerer seg i denne saka, har samanheng med at fylkeskommunen, på vegner av tolv kommunar no inngått rammeavtale med fem vikarbyrå som leiger ut helsearbeidarar. Det spesielle med denne saka er at fleire av dei vikarbyråa som det no er inngått rammeavtale med, er blitt «kasta» ut av fleire helseføretak og større kommunar, som Oslo og Bergen, på grunn av sosial dumping og brot på Arbeidsmiljølova. Kontrollutvalet i fylkeskommunen har bedt fylkesrådmannen om ei skriftlege utgreiing i saka, seier Frank Willy Djuvik som legg til at det ikkje har vore drøftingar med tillitsvalde i framkant av at kommunane har inngått avatklen, slik lovverket seier at det skal gjerast.

For meg kan det sjå ut som om kommunane har sove i timen i høve denne saka.

Føre var

–Ein kan sjølvsagt meine ulike ting om kommunane skal ha drøfting med tillitsvalde før denne type avtalar blir inngått, eller om drøftingane skal finne når den enkelte kommune nyttar seg av rammeavtalen. For meg ville det vere naturleg at ein gjorde dei så tidleg som mogeleg, seier Djuvik.

– Kven tolv kommunar er det som har slutta seg til rammeavtalen?

– Går ut frå at Fjordabladet er mest opptatt av kven kommunar i Nordfjord som har slutta seg til. Det er alle Nordfjord-kommunane bortsett frå Gloppen og Hornindal.

Fem selskap

Ifølgje Djuvik har fylkeskommunen inngått rammeavtale med fem selskap, som har blitt rangert frå ein til fem. Ut frå måten systemet fungerer på startar kommunane som har bruk for vikarar med selskap nummer ein, og så vidare til ein får tak i dei vikarane ein har behov for.

Kontrollutvala

–Dersom kommunane har til hensikt å bruke vikarbyrå, så er rammeavtale fornuftig, men kontrollutvalet i fylkeskommunen meiner at ein burde luka ut tvilsame selskap før avtale blir signert. I alle fall fått ei juridisk vurdering på om ein kunne utelukke selskap som ikkje held seg innanfor lovverket. Vi reknar no med at det kontrollutval i kommunar som har inngått avtale tek opp denne saka, seier Fran Willy Djuvik til Fjordabladet.