Fjordabladet melde nyleg om at det var nytt håp for vegen til Navelsaker. Bakgrunnen var at rassikring av fylkesveg 664 til Navelsaker av fylkesutvalet vart flytta opp til 3.-plass på prioriteringslista.

Kjelsnes grunngav i dag Ap sitt forslag om å ta ut Navelsaker med at det går eit kryssingspunkt for kva ein kan forsvare  når det gjeld bruk av ressursar for å sikre veg til veldig små bygder.  Ho viste til parallell i samband med ny veg til Otterdal der dei heller ikkje fekk rassikring, og at ho opplevde at der då var ei semje i fylkestinget om at dei to rassikringsprosjekta skulle skrinleggast.

–  Dei aller minste bygdene våre må  ein prøve å finne andre løysingar på, andre kompenserande tiltak, sa Kjelsnes.