Det kjem fram i eit referat frå eit møte ordførarar og rådmenn i Selje, Eid og Vågsøy hadde  i Måløy fredag 1. desember 2017. Bakgrunnen for møtet var å bli einige om vidare prosess for grensejustering for Bryggja inn i nye Stad kommune frå 1.1.2020.

I referatet frå møtet heiter det at kommunane sitt omforeinte framlegg til vidare prosess er som følgjer:

• Rådmennene vil utarbeide ein samla prosessplan for grensejusteringa. Prosessplanen vil vere klar på nyåret 2018.

• Når det gjeld skule, tek ein utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa. Det vil bli arbeidd nærare for å avklare dei praktiske og økonomiske vilkåra for dette, herunder klasse-storleik og klassedeling.

• Kommunane er innstilt på at elevar som går ut frå Bryggja skule våren 2019, kan søke om opptak anten på Vågsøy ungdomsskole eller Eid ungdomsskule for skuleåret 2019/20. Vågsøy kommune vil tilby alle som har starta på Vågsøy ungdomsskule per 1.1.2020 å fullføre løpet her. Siste elev går i tilfelle ut våren 2022. Vågsøy ber kostnadene ved dette.

• Kommunane vil i fellesskap og i samarbeid med fylkeskommunen, etablere tenlege skyssløysingar for å gjere dette så smidig som mulig.

• Etter 1.1.2020 er nye Stad kommune skulekommune og ansvarleg for grunnskuleopplæringa for elevane på Bryggja, og organiseringa av dette.

• Dei som er folkeregisterført og bur i omsorgsleilegheit på Bryggja, vil få bu der vidare ved overgangen til ny kommune 1.1.2020.

Dei ulike elementa knytt til grensejusteringa vil bli behandla politisk i dei aktuelle kommunane i tida fram til 1.1.2020.