Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje blir justert slik at området Bryggja blir flytta frå Vågsøy til Eid/Selje. Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som dei nye kommunane Vågsøy/Flora og Eid/Selje trer i kraft.

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjerde sidan begge partar viser til gode og saklege argument for sitt syn. Saka har vore grundig behandla frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side og i departementet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Initiativet til å flytte området Bryggja kom frå ein stor del av innbyggjarane i bygda Bryggja.

Saka er grundig utgreidd av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.  Som del av denne utgreiinga blei det gjort ei spørjeundersøking blant innbyggjarane i Bryggja. Resultata viser at eit klart fleirtal (79 prosent) ønsker å bli ein del av den nye kommunen Eid/Selje.

– Det som har vore viktig for vedtaket om å justere grensa, er at innbyggjarane i Bryggja så tydeleg har gitt til kjenne at dei ønskerå tilhøyre den nye kommunen Eid/Selje. Det er òg lagt vekt på at ei flytting av Bryggja til Eid/Selje vil gjere den nye kommunen meir funksjonell og samanhengande. Eg er trygg på at kommunane no vil sjå framover, skape ro og finne løysingar som vil tene innbyggarane i begge dei nye kommunane, seier Sanner.

Det er 541 innbyggjarar i Bryggja. Området ligg mellom dagens Vågsøy og kommunane Eid og Selje, og har omsorgssenter, skule og privat barnehage.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at dei økonomiske ulempene og tenesteutfordringane for den nye kommunen av Flora/Vågsøy ikkje er så store at dei må tilleggast sterkare vekt enn omsyna som talar for å gjennomføre grensejusteringa.

Departementets vedtak om grensejusteringa er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen.