Det seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø, som møtte to av elevane som vil få ein meir krevjande skulekvardag dersom regjeringa sitt framlegg vert vedteke.

Andrine Norevik Hjelmeland, frå Lavik, og Evy Marie Birkeland Søreide, frå Søreide, er to av elevane ved Høyanger vidaregåande som vil bli råka av den føreslåtte endringa i bortebuarstipendet.

–Skuledagen min vil bli utruleg lang, dersom eg mista stipendet og må pendle, seier Evy. Andrine seier at ho lyt stå opp allereie i 6-tida og er ikkje heime før rundt halv 6 på kvelden, og skal i tillegg ha tid til lekser og fritidsaktiviteter.

Råkar hardt

Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring, seier at dette vil råke Sogn og Fjordane ekstra hardt.

–Vi har lange avstandar og mange elevar på hybel. Karianne har sjølv teke initiativ til at hovudutval for opplæring samrøystes vedtok ein uttale der det vert understreka at dei er sterkt i mot desse endringane og meiner det er viktig at gjeldande regelverk vert vidareført som i dag. Hovudutvalet er tverrpolitisk samansett.

Sparer 21,2 mill.

I dag kan elevane i vidaregåande opplæring få bortebuarstipend dersom dei ikkje bur hjå foreldra sine og avstanden mellom heimen og skulen er 40 km eller meir, eller om reisetida er tre timer eller meir per dag. Regjeringa vil heve avstandsgrensa frå 40 til 60 km, noko som gir ei innsparing på 21,2 millionar kroner.

–Dette er jo småpengar i statsbudsjettet, men utruleg viktig for oss, seier Evy og Andrine.

Bryt med gratisprinsippet

Elevorganisasjonen meiner kuttet bryt med gratisprinsippet i skulen, noko Karianne og Ingrid er samd i. Ingrid viser til at i Ap sitt alternative statsbudsjett så vert dagens reglar for bortbuarstipend vidareført.

–Dette er eit kutt Ap ikkje vil vera med på. Vi ønskjer å skjerme elevane som bur i distriktsfylka, seier Ingrid.