Administrasjonen har i hovudsak sett på nattevakter når det gjeld effektivisering og samordning, og har stipulert ei innsparing på 7,6 årsverk.

Den stipulerte reduksjonen på 7,6 årsverk er med mange atterhald. Mellom anna inneber dette at ein samordnar tenestene Gjerdane og Elvebøen. At brukarane ved Gjerdane på sikt får tilbod på området Elvebøen.

Det er også vurdert å ha eit ambulant nattevaktsteam for alle helse- og omsorgstenestene. Heimetenesta og Fossevegen/Eldretunet er allereie byrja å samarbeide delvis på denne måten, dei delar ei nattevakt. Det er tenkt at Hogatunet skal inn i denne ordninga så fort som mogleg. Det vert då stasjonære nattevakter, i tillegg nattevakter som ambulerer etter behov og ein oppsett plan. Ein ser føre seg at ein då kan klare seg med to faste nattevakter på Hogatunet.

Er ein sikra innsparing?

– Kor sikre kan vi vere på å få dei innsparingane som er førespegla på Myroldhaug? spurde leiar i oppvekst- og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle (V) då utbygginga torsdag var til handsaming i finansutvalet. Han viste til Hogatunet der det vart sagt at ein skulle sleppe å tilsetje fleire, noko som ikkje heilt har slege til.

– Kan ein risikere det same på Myroldhaug?, spurde han.

Rådmann Åslaug Krogsæter svarte at Hogatunet har litt med organisering av bygget å gjere, og at ein hadde trudd at ein kunne ta ned meir bemanning på eldretunet. Når det gjeld Myroldhaug, så har ein i dag lokalisering på fleire plassar. Ved å få samla fleire i eitt bygg, vil ein få behov for mindre mannskap.

Etterlyste samla sak

Utbygginga av eit titals omsorgsbustadar på Myroldhaug har vist seg å bli vesentleg dyrare enn først antatt, og fleire av politikarane var misnøgde med at det verserte fleire notat som ikkje var innarbeid i saka. Dei etterlyste mellom anna talfesting av innsparingar, kva som skjer med dei bustadane som vert frigjorde og det vart understreka at ein ønskjer ei nøktern utbygging.

– Det er rett å ta vekk det som ikkje er heilt nødvendig. Ein kan ikkje, i ein situasjon der ein elles skal spinke og spare, bygge større enn ein må, påpeika Gunvald Ludvigsen (V). Han viste mellom anna til garasjeanlegg som kan reduserast og at soveromma er store.

Driftsmessige konsekvensar

– Eg støttar tanken om å samlokalisere, men skulle ønskje at dei driftsmessige konsekvensane var innarbeidde i saka. Det som skal inn i saka må stå i saksutgreiinga, påpeika også Sigurd Reksnes (Sp). Han kunne tenkje seg å få greidd ut ytterlegare tiltak for å få ned kostnadene.

– Har ein gått alle rundane som trengst. Er prosjektet ferdig knadd?, spurde han.

Ekstra formannskapsmøte

– Vi ser at det er fornuftig å gjere, men det er utfordrande å få så mange deldokument utan å ha sett heilskapen, påpeika ordførar Alfred Bjørlo (V) som fekk støtte til forslaget om at rådmannen vert beden om å kome med ei samla utfyllande saksutgreiing til ekstra formannskapsmøte i forkant av kommunestyremøtet komande torsdag.

Fleire brukargrupper

Omsorgsbustaden på Myroldhaug er først og fremst tiltenkt psykiatri og menneske med nedsett funksjonsevne og har ni ordinære bueiningar og to akuttplassar/hyblar.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne er ikkje samd i at det skal byggast ei slik samla eining for denne brukargruppa og at bumiljøet på Myroldhaug blir ei samling av institusjonar.

Tilrår godkjenning av bustader

Tilrådinga frå Helse- og omsorgsutvalet er at Eid kommunestyre godkjenner planane for utbygging av omsorgsbustader Myroldhaug til ein kostnad av 52.250.000 kroner og at auka kostnader vert å innarbeide i budsjettet.

Utvalet ber samstundes om at administrasjonen gjer ei vurdering av om garasjeanlegget kan takast ut av prosjektet, og gjer greie for eventuelle innsparingseffektar av dette tiltaket. Garasjebygget inneheld også bossrom og lagerplass. Ein av garasjane er tenkt nytta til vinterlagring av utemøbler og liknande. Administrasjonen meiner at desse funksjonane ikkje bør reduserast. Skal ein redusere dette bygget bør ein ikkje redusere meir enn om lag 60 %, det vil seie tre garasjar. Innsparing ved å kutte garasje for tre køyretøy 1.094.000 kroner eks mva.

Bygget på Myroldhaug er utforma med mulegheiter for tryggleiksteknologi og sensorteknologi for dei som treng – og ønskjer – dette. Det går fram av saksutgreiinga at teknologi som kan «våke over» og ikkje overvake, vil kunne vere eit godt supplement til personalhjelp.