Vågsøy vil ikkje gje slepp

NRK Sogn og Fjordane melder at politikarane i Vågsøy ikkje vil gje slepp på Bryggja.

ALLE VIL HA BRYGGJA: Med 18 mot 8 stemmer sa kommunestyret i Vågsøy torsdag nei til grensejustering.  

Nyhende

Fleirtalet i kommunestyret i Vågsøy meiner det ikkje er grunnlag for at innbyggjarane på Bryggja, Totland og Maurstad skal få viljen sin om å bytte kommune. I vinter la bygdefolket der fram eit ønske om å få flytta kommunegrensene, slik at dei i framtida i staden blir ein del av den nye kommunen med Eid og Selje. Med 18 mot 8 stemmer sa kommunestyret i Vågsøy torsdag nei til endring av grensene.

– Vi meiner vi kan gje dei eit betre tenestetilbod enn dei kan få andre plassar, som er til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier Arbeidarparti-ordførar Kristin Maurstad til NRK.

Innstillinga frå kommunen blir no sendt Fylkesmannen, som skal gje sitt råd vidare til departementet


Bør bli del av Stad kommune

Selje kommunestyre tilrår at det vert gjennomført grensejustering slik at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert del av Stad kommune frå 01.01.20.

Aktuelt område ligg mellom kommunane Selje og Eid. For Stad kommune sin del vil det vere ein fordel om området vert innlemma. Området vil geografisk vere sentralt i denne kommunen og det vil vere naturleg å vurdere kva tilbod som er naturleg å byggje opp i fellesskap i dette området. For Selje sin del vil det også vere ein fordel at området er nærare delar i ytre region av Stad kommune.

For Selje kommune kan ein vanskeleg sjå ulemper med å foreta ei grensejustering. Det vil sikre ein ny kommune som heng saman, det vil sikre at innbyggjarane vert tatt på alvor. I kor stor grad forhandlingar og overgangsfasen vert utfordrande og vanskeleg, vil kommunane som er involvert i stor grad styre. Rådmannen i Selje har tru på at kommunane med gode intensjonar, positive haldningar og mål å gjere det beste for innbyggjarane, klarar å gjennomføre desse på ein god måte.


Flora vil ha Bryggja med i Kinn

Bystyret i Flora har kome med eit tydeleg signal om at dei tre aktuelle krinsane Totland, Brygga og Maurstad framleis må vere ein del av Vågsøy kommune og framtidige Kinn kommune. Uttalen til søknaden om grensejustering vart vedteken mot fem røyster.