Mathilde Tybring-Gjedde er dotter av Randi Myklebust frå Nordfjordeid. Både mora og tanta Kari Myklebust Hjelmeland var til stades i Stortinget i dag.

– Mor og tante var med på omvising i Stortinget etter trontalen, fortel Tybring-Gjedde, som for høvet hadde på seg Nordfjord-bunad.

– Det var den finaste konfirmasjonsgåva eg kunne få, så den brukar eg ofte. Eg er veldig glad i Eid og slekta mi der, seier ho.

Mathilde Tybring-Gjedde (H) møter fast for Oslo på Stortinget frå 2017 for forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide, og er med sine 24 år ein av dei yngste representantane i Norges nasjonalforsamling.

Ho har studert ved Warwick University og juss ved Universitetet i Oslo. Tybring-Gjedde har vore politisk rådgjevar for helseminister Bent Høie. Ho vart innvald i Oslo bystyre i 2015.

Mathilde Tybring-Gjedde er dotter av Christian Tybring-Gjedde (Frp), som har site på Stortinget for Oslo sidan 2005.